Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Er du fornøgd med bustadmarknaden i Ål?

Kor i bygda vil folk helst bu? Kva typer bustader er mest attraktive? Kva faktorar er viktige i valet av bustad?

Ål kommune ynskjer å kartlegge kva bustader innbyggjarar og potensielle tilflyttarar ynskjer seg i Ål i dag og framover.  

Gå til undersøkinga via denne lenkja  

Du kan svare på undersøkinga heilt anonymt, men viss du godtek å legge att epostadressa di (sjå siste spørsmål) blir du automatisk med i trekkinga av eit gåvekort verdt kr 500,- frå Ålingen kjøpesenter. Me trekkjer ein gåvekortvinnar kvar veke no i sommar (veke 28-32), så her er det gode moglegheiter!

Du treng ikkje å vere fastbuande i Ål for å svare. Men vil gjerne også ha svar frå deg som er

  • Hytteåling eller besøkande
  • Ung og på veg ut i den store verda (men som kanskje ein dag skal heimatt?)
  • Bur ei ei av dei andre Hallingdalskommunene eller ein annan stad i Noreg

Ved å svare på undersøkinga bidreg du til at kommuna, utbyggjarar og andre får eit betre grunnlag for å forstå bustadmarknaden i Ål. Svara i undersøkinga vil danne grunnlag for ein rapport som blir lagt fram for Ål kommunestyre og for boligbyggjarar i kommunen. Den kan også bli brukt i t.d. framtidige rulleringar av kommunens arealdel og som utgangspunkt for ein framtidig kommunal bustadstrategi.

Sist endret: 19.09.2023