Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Mogeleg endring i tenestetilbod

Med bakgrunn i situasjonen med Corona/Covid-19 virus i landet, og stadig nye tilfelle av smitta, må leiinga i Helse- og omsorgssektoren og kommuneoverlegen vurdere situasjonen kontinuerleg.

Omfanget av epidemien og behov for helsebistand for befolkninga i Ål kan eskalere på kort tid. Helsepersonellressursane kan bli kritisk for helseberedskapen i kommunen om mange blir smitta.
Kommunen ynskjer å møte denne situasjonen på best mogleg måte for innbyggjarane. Det vil då bli nødvendig å sjå på alternative løysingar. Omdisponering av personellressursar og arbeidsoppgåver kan bli nødvendig.

Tenestemottakarar må førebu seg på at det kan bli endringar i noverande tenestetilbod. Nødvendig helsehjelp må prioriterast, og personellressursane må styrast inn der behovet er størst. Det betyr at tenestetilbod som avlastingstiltak, praktisk bistand, tilsyn og anna kan bli justert ned i ein periode. det kan då bli nødvendig å mobilisere pårørande for å hjelpe sine eigne med bistand og enklare pleieoppgåver.

Helse- og omsorgssektoren ber tenestemottakarar og deira pårørande førebu seg for dette.

Med venleg helsing

Borghild Ulshagen, kommunalsjef