No må stemmer renskast, instrument pussast og faner leitast fram frå loft og kjeller. 17. mainemda er i gang med sitt arbeid, og har allereie vore i kontakt med fleire bidragsytarar. Vi kan allereie no røpe at vår eiga Ingunn Thon, dukkespeler, programleiar og barnebokforfattar, vil halde festtale i ferieparken. Korpset er på plass att, det same med koret, og speidarane er som alltid beredt. Og ikkje minst barnetoget. Nok is og brus skal det og bli.
Men vi ynskjer fleire innspel: har du gode idear, er det noko du saknar, ta kontakt og kom med det!
17. mainemda er:
Leiar Sissel Urke. Tlf. 99246742
E-post: sisselurke@me.com
Staffan Christian Landsmann
Wenche Skår- Ekse
Umi Omar Khamis