Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ein jobb med meining!

Leiar frivilligsentralen. 100 % fast stilling.

Ål Frivilligsentral er ein viktig aktør for å skape kontakt mellom menneske, og eit varmare og tryggare samfunn. Som ein viktig lokal møteplass er vi open for alle, og jobbar for å inkludere alle som har lyst til å delta i ulike formar for frivillig arbeid. Under frivilligsentralen ligg ungdomsfrivilligsentral som engasjerer ungdommen til innsats og vaksne til å bidra med frivillig arbeid overfor ungdommen. Meir informasjon om frivilligsentralen finn du her, https://aal.frivilligsentral.no

Vi søkjer deg som ein trygg og synleg leiar med god relasjonskompetanse. Du har stort engasjement og evne til å utvikle sentralen, finne nye samarbeidspartnarar og gjere sentralen attraktiv for dei som vil bidreg til det frivillige arbeidet. Det vert noko kvelds- og helgearbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av sentralen.

  • Nettverksbygging og samarbeid med kommunen, lokale lag, foreiningar og andre lokale instansar og verksemder.

  • Relasjonsarbeid med frivillige – rekruttering, oppfølging og rettleiing.

  • Initiere og gjennomføre lokale arrangement og aktivitetar saman med andre.

  • Ansvar for budsjett, reknskap og rapportering.

  • Personal- og fagansvar for ungdomsfrivilligsentralen.

  • Søke om midlar frå ulike stiftelsar og tilskotsordningar.

  • Drive informasjonsarbeid og marknadsføring, mellom anna ved bruk av sosiale media.

 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan kultur- og idrettsfag, samfunnsfag, folkehelsevitskap eller tilsvarande.

  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

  • God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT verktøy.

  • Ynskjeleg med erfaring med frivillig arbeid.

  • Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje krav.

 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og systematisk.

  • Relasjonsbyggar med humor og god evne til å motivere andre.

  • Kreativ, fleksibel og løysningsorientert.

  • Sers gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar hjå søkjarane.

 

Me tilbyr

  • Jobb i ein kommune med et sterkt organisasjonsliv og engasjerte frivillige.

  • Stort handlingsrom med høve til fleksibel arbeidstid.

  • Utfordrande gjeremål.

  • Flotte lokale i den nye delen av Ål kulturhus.

  • Hjelp med å finne ein bustad, garantert barnehageplass.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngi dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du få varsel om.

Søknadsfrist:16.08.2020

Kontaktperson:
Reidun Aaker, Kommunalsjef Drift og utvikling,  mobil: 99287854, Reidun.Aaker@aal.kommune.no

Berit Albrecht, HR-sjef, mobil: 93269970, e-post: berit.albrecht@aal.kommune.no

Søk elektronisk via denne lenka