Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Drikkevasstudie

Kor mange vert sjuke av drikkevatnet?

Illustrasjonsfoto vassdråpe


Kor ofte fører bakteriar, virus og parasittar i drikkevatnet til magesjuke? Folkehelseinstituttet inviterer no 56 000 personar over heile landet til å delta i ei ny undersøking. Også innbyggarane i Ål kommune er inviterte. For Ål kommune er det personar tilhøyrande Torpo vannforsyningssystem som er potensielle deltakare i Drikkevasstudien.

I Noreg har vi svært godt og trygt drikkevatn. Likevel får enkelte magesjuke av drikkevatnet – med forbigåande symptom som diaré, kvalme og oppkast. Sidan dei færraste går til lege for dette, veit vi ikkje kor mange som vert sjuke av drikkevatnet. For første gong skal Folkehelseinstituttet kartleggje omfanget.

Du finn meir informasjon om dette her:
Pressemelding om drikkevasstudien

Fakta om drikkevatn Buskerud