Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

No får du digitalt valkort

Denne veka sender Valdirektoratet ut 3,5 millioner digitale valkort. - Dette markerer starten på valet, seier direktør Bjørn Berg.

Frå den 10. august er det mogleg å førehandsrøyste til årets stortingsval i alle kommunane i landet. Før den tid sender Valdirektoratet ut valkort til alle som kan røyste.

Ei stadfesting av røysteretten, men ikkje nødvendig for å røyste

- Å få valkortet er fyrst og fremst ei stadfesting av at du har røysterett ved årets stortingsval, seier direktør for Valdirektoratet Bjørn Berg.

I tillegg vil du finne nyttig informasjon om valet på valkortet. I år vert også valkorta sendt ut digitalt. Digitale valkort kan brukast direkte på mobiltelefonen, og er ikkje nødvendige å skrive ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal røyste, men det gjer sjølve røystegjevinga enklare og raskare.

- Det einaste du MÅ ha med deg er legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato. Har du dette, så får du røysta, fastslår direktøren.

Berg legg til at det er nokre som lurer på om ein kan røyste på nett med digitalt valgkort, men det kan ein ikkje. Det er ikkje gjort endringar i korleis valet gjennomførast, og velgarane må møte opp i eit vallokale og røyste på papirrøystesetlar som tidlegare. Du kan røyste i heile landet fram til 10. september. På valdagen må du røyste i kommunen der du er folkeregistrert.

Blir sendt til di digitale postkasse og varslar deg med SMS

Alle som får valkort digitalt, blir varsla om dette med ein SMS. Dei som bruker Digipost eller E-boks, finn valkortet sitt der. Dei som ikkje har ein digital postkasse får tilgang til valkortet via valg.no eller på Altinn.

Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, får framleis valkort tilsendt på papir.

Totalt skal det sendast ut over 3,5 millioner digitale og ca 300 000 valkort på papir.

Les meir om digitale valkort på valg.no

Digitalt valkort

Tips! Ta skjermbilete av valkortet på mobilen så slepp du å logge inn med bankID når du skal røyste.