Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Digital postkasse

Har du digital postkasse?

Ål kommune vil at fleire skal ta i mot digital post

Kampanje digital post.

2 510 innbyggjarar i Ål har enno ikkje teke i bruk digital postkasse. No startar Ål kommune ein kampanje for å få fleire til å ta i mot digital post frå kommunen.  

1,7 millionar nordmenn nyttar i dag digital postkasse og får dermed post frå kommunen og andre offentlege etatar digitalt i staden for på papir. Potensialet for bruk av digital post er vesentleg større.

I kommunen vår er det 1322 innbyggjarar som har teke i bruk digital postkasse.
Det utgjer 34,5 prosent av alle innbyggjarar over 15 år i kommunen.

Gjennomfører kampanje
Vi nyttar i dag store ressursar på papirpost. Difor set vi i gang ein kampanje for å få fleire til å velje bort papir. I løpet av dei næraste dagane vil dei som ikkje har oppretta digital postkasse, få ein hyggeleg e-post frå oss med ei oppmoding om å gjere dette. 

I dag sender vi ut papirbrev i postkassen til 2510 innbyggjarar. Det kostar minst ti kroner per brev. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men til saman er dette ressursar og pengar vi kunne brukt på noko langt meir nyttig, som til dømes barnehage, helse eller kulturtilbod. Målet vårt er at alle innbyggjarar går over til digital postkasse slik at vi sparer desse ressursane og ikkje minst miljøet. 

Praktisk for innbyggjarane

Vi trur også at mange innbyggjarar vil syns at digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev frå det offentlege og det private direkte i den digitale postkassen, uansett kor du er. Raskt, sikkert og enkelt! 

Skaffar du deg digital postkasse vil du få vedtak om barnehageplass eller skuleplass, vedtak i byggjesaker og mange andre typar dokument i den digitale postkassen. Der vert dei verande i det personlege arkiv ditt så lenge du vil. 

Me håpar innbyggjarar som ikkje har oppretta digital postkasse enno kan ta seg bryet med å bruke nokre minutt på å gjere dette. Dei som treng hjelp til å opprette digital postkasse, eller har spørsmål om tenesta, kan kontakte kommunen - vi hjelper gjerne til.

Slik skaffar du deg digital postkasse:Gå inn på www.noreg.no

  • Vel «Digital postkasse»

  • Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), til dømes din BankID

  • Vel enten Posten sin Digipost eller e-Boks

    Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse.

Dersom du allereie har oppretta ei digital postkasse, men ikkje teke den i bruk: Logg deg inn. Kan hende ligg det brev og ventar på deg?
Det er også mogeleg å reservere seg for dei som ikkje ønskjer å motta posten digitalt.

Her kan du sjå ein om film om kvifor du bør ha digital postkasse:

Lenke til film