Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Demensvennleg samfunn

Ål kommune arbeider for eit meir demensvennleg samfunn

Illustrasjon frå Nasjonalforeningen for folkehelsen

Ål kommune har blitt eit demensvennleg samfunn.
Dette er i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen. Kontaktperson i Ål kommune er leiar for Heimetenesta Herbjørg Dalene Bjerke.

Her ser vi ordførar Solveig Vestenfor, fagkonsulent Borghild Ulshagen og Fylkesleiar i Nasjonalforeningen for folkehelsen Herbjørg Dalene Bjerke. Ål kommune underskriver avtale om å bli demensvennleg samfunn.


Trude Røe er nyvalgt leiar i nyoppstarta Ål Demensforening, saman med Fylkesleiar i Nasjonalforeningen for folkehelsen Herbjørg Dalene Bjerke.
Ål har ei eiga pårørandeforening. 
Her frå stiftelsesmøtet i Ål Demensforening der Bjørn Lofstad frå fylkeskontoret deltok.
Her frå stiftelsesmøtet i Ål Demensforening der Bjørn Lofstad frå fylkeskontoret deltok.

I Noreg er det ca 77 000 menneske som har demens. 60% av dei bur fortsatt heime, og dei ynskjer fortsatt å delta i samfunnet og å bli møtt med forståing. Pårørande har ei viktig rolle for menneske som har demens.Demens skuldast sjukdom i hjernen. Dei vanlegaste symptoma er dårlegare hukommelse, problem med språket og utfordringar med daglege gjeremål.

Det er ôg vanleg å få problem med å orientere seg eller utføre kvardagslege hverdagslige aktivitetar. Mange opplever endringar i humør og væremåte.  
Demens skuldast sjukdom, og er ikkje ei naturleg side ved å bli eldre. 

I dag har over 77 000 mennesker i Norge demens, og truleg vil antalet bli dobla fram fram mot 2040. Mange trur demens kun rammer eldre, men ôg yngre personar kan få sjukdommen. Av alle som lever med demens i dag, antar vi at rundt 4 000 er under 65 år. Over 350 000 er nær pårørande til ein med demens. 

Du finn meir informasjon på Nasjonalforeningen for folkehelsen sine nettsider

Demenslinjen 23 12 00 40