Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Bustadundersøking

Bustadundersøkinga i Hallingdal

Delta i den store bustadundersøkinga i Hallingdal

Er du ung og snart på veg inn i bustadmarknaden i Hallingdal? Eller etablert og «godt vaksen» med hus og heim – og såvidt i gang med planlegginga av pensjonisttilveret? Eller er du utflytta Halling som snusar på moglegheita for å flytte «heim att»? Sesongarbeidar eller Hyttehalling som kan tenkje deg å bu her på fulltid? Kanskje du er ein internasjonal Halling med røter frå eit heilt anna land? 

Hallingdalskommunane, Regionrådet og Hallingdal Næringshage ynskjer å få veta kva alle de ser etter på bustadmarknaden.  

Delta i undersøkinga vår innan 25. januar, her:  https://no.surveymonkey.com/r/BoligiHallingdal

Undersøkinga vil bidra til at Hallingdalskommunane og næringslivet kan bygge fleire, smartare, og rimelegare bustader, som er attraktive for fleire målgrupper. 

Undersøkinga er anonym og kunnskapen me samlar inn vil kun bli brukt i vidare arbeid i det offentleg-private bustadnettverket i Hallingdal. Det er valfritt å leggje att epostadresse. Viss du gjer det kan du imidlertid bli trukke ut som vinnar av eit gåvekort til ein verdi av 5000 kr frå flotte Geilo Mountain Lodge.  

Bilete med Qr-kode til bustadundersøking

Sist endret: 13.02.2024