Første møte er torsdag 16. februar kl 19.00. Det er berre å møte opp, ein treng ikkje å melde seg på. Møtet er innerst i Ål bibliotek sine lokaler i Ål kulturhus.
Dette møtet er for deg som ynskjer å høyre meir om leiligheiter til sals i Ål. Stian Oland frå Hallingdal Hytteservice og Ingar Dalen frå Skarv Eigedom kjem for å fortelle om to spennande leiligheitsprosjekt på Sundre.
Sparebank1 Hallingdal og Ål kommune fortel om kva som gjeldt for fiansiering av leiligheitskjøp. I møtet vil me også høyre kva du meiner er viktig når det gjeldt framtidig leiligheitsbygging i Ål. Kva slags leiligheiter ynskjer du at blir bygd?
Jobb, men ingen plass å bu?
Torsdag 16. mars kl 19 inviterer me til møte for alle som har flytta til Ål grunna jobb, men som tykkjer det er utfordrande å finne seg eigna bustad - enten ein leitar etter einbustad eller leiligheit eller noko heilt anna.
Målet med møtet er å drøfte kva slags bustader ein bør leggje til rette for i kommunen framover, til folk som kjem hit fordi dei har fått ein spanande jobb her. Kan det hende er det ein marknad for «nye» og innovative typer bustader, som t.d. minihus og kollektiv?
Det siste møtet denne våren blir torsdag 20. april kl 19.
Då er det fokus på unge i etablerarfasen. Kva typer bustader ser dei for seg å investere i, i Ål? Kan det løne seg å kjøpe eller bygge allereie medan ein er lærling eller student, og kva moglegheiter for lån finst til førstegongskjøparar?
Har du spørsmål om «Bulyst i biblioteket»-møta, eller innspel til tema og bidragsytarar, kan du kontakte prosjektleiar for Bu- og blilyst i Ål kommune, Anne Nordheim: anne.nordheim@aal.kommune.no