Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Brukarmedverknad

Gratis kurs 24. oktober

3d man illustrasjon

Hallinghelse i samarbeid med FFO Buskerud inviterer til kurs om brukarmedverknad.

Kva er brukarmedverknad? Kva for rolle har ein brukarrepresentant? Korleis bidra til ytterlegare bruk av desse ressursane i kommunane?
Målet er å bidra til ei felles forståing av dette området.

Målgruppe: Medlemmar, tillitsvalde og frivillige medarbeidarar i ulike organisasjonar tilknytta helse – og omsorg.
Til deg som er interessert i å bli/er brukarrepresentant i kommune, NAV og helseinstutisjonar. Kommunalt tilsette innan helse – og omsorg.

Tid og stad:
Torpomoen 24. oktober 2019 kl. 10.00 – 16.00

Påmelding:

E-post til ragna.torkelsgard@hallingdal.no

Det vil bli servert lunsj, kaffe og te. Gje beskjed på e-post om evt matallergiar.
Send ôg beskjed om det er noko vi må ta omsyn til (tilgjengeligheit, teleslynge e.l)

Kurset er gratis.
Påmeldingsfrist: 10.oktober
Har du spørsmål ta kontakt med:
Ragna Torkelsgard
Rådgjevar
Læring og Mestring
E-post: ragna.torkelsgard@hallingdal.no
Mobil: 950 69 313

Program
Kl. 10.00
Rolla som brukarrepresentant, rolleavgrensning. Ulike formar for brukarmedverknad. Mål og motivasjon. Reforma, arbeid og forventningar i ulike helseorganisasjonar, NAV og kommunar, utvalga sine oppgåver og fullmakter. Brukarorganisasjonane som interessebærarar. Kvar kjem sakene frå?
Å forme ei sak.
Å representere andre og ha evne og vilje til å fremje synspunkt.
Oppnemningsprosessen
Kl. 12.30
Lunsj (1 time)
Kl. 13.30 Utvalsmøtet, ulike strategiar, førebuingar, etterarbeid, sakshandsaming i organisasjonane og den formelle sakshandsaminga.
Korleis finne gode saker, korleis førebu og fremje saker?
Kontakt mellom utvalsmedlemmar, FFO og andre.
Oppfølging, nettverk og kunnskapskjelder.
Ansvarsfordeling mellom brukarorganisasjonane og representantane deira.
Kl. 16.00 Kurset avsluttes

Kursleiar: Reidar Lauritsen
Programmet er med atterhald om nokre små endringar. Det vil bli lagt inn flere pausar utover lunsjen.
Velkomen!