Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Branntips

Oppmoding frå brannvesenet:

For å  gjere kommunane våre tryggare å bu i, treng vi hjelp til å finne brannfarlege tilhøve.
Vi ynskjer tips og bekymringsmeldingar frå innbyggjarane våre.

Det kan vere at du trur nokon bur farleg ein stad der det ikkje er lov å bu.
Kanhende har du ein nabo som du trur ikkje greier å ta vare på si eiga brannsikkerheit. Har du mistanke om at nokon oppbevarer mykje brannfarleg stoff på eigedomen sin? Kanhende har du vore på kino, arrangement eller annan offentleg stad og du opplever noko som er utrygt når det kjem til brann og rømningsvegar?

Opplysningane vil bli behanda konfidensielt. 

Du finn meir informasjon her: www,branntips.no