Ål kommune lyser no ut ei rekke ferievikarstillingar innan helse og omsorg, drift og utvikling for sommaren 2023. Me har også ledige lærlingplassar innan faga barne- og ungdomsarbeidar og helsefagarbeidar, og ledige stillingar som tilkallingsvikar i oppvekstsektoren.
Søk lærlingplass eller ferie- og tilkallingsvikarstillingar i Ål kommune her
Sommaren 2023 får alle unge vaksne mellom 18 og 30 år som er tilsett i Ål kommune - enten dei er ferievikarar, tilkallingsvikarar, fast tilsette eller lærlingar - tilbod om å vere med på «fjellspire».
Gjennom fjellspire-opplegget blir det organiserte fjellturar, grilling, badeturar, sykling og moglegheit for å bli med på konsertar eller andre arrangement. Det blir arrangert om lag to aktivitetar i veka frå juni og ut august.
Gjennom fjellspire vil du bli kjent med andre tilsette på tvers av avdelingar, og med aktivitetar og plassar i Ål som du kanskje ikkje har vore på før.
Alle som er mellom 18-30 år og som har jobb i Ål kommune i perioden juni-august kan bli med på opplegget, uansett om du bur her fast eller berre er her på besøk i sommar. Du får tilbod om fjellspire etter at du har takka ja til stilling eller lærlingplass i kommunen.