Dette er Sarah Kornberg:) Ho har nyleg bestått fagprøven i Vegdrift og Vedlikehaldsfaget, med karakteren "Meget godt bestått".
Sarah er opprinneleg frå Hadeland og er 21 år gamal. Ho gjekk først 1 år på Byggfag på Hadeland, deretter 1 år Anleggsteknikk i Stavanger. Ho kom til Ål for 2 år sidan og begynte då i lære hjå Veg og Park. Ho fortel at ho har lært svært mykje desse to åra, og har hatt varierande oppgåver.
No går vegen tilbake til Hadeland og meir skulegang.
Me ynskjer Sarah masse lukke til vidare! :)
