Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Besøk ved Ål helsesenter

Hovudinngang

Informasjon vedrørande besøk ved Ål helsesenter

Regjeringa informerte 28.05.2020 om at det no skal bli lagt til rette for at bebuarar ved helseinstitusjonar skal få besøk under covid-19 pandemien samtidig med at smittevernomsyn må bli ivaretatt.
Ut frå tilråding frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har Ål helsesenter i samråd med kommuneoverlegen kome fram til gjeldande rutinar:
• Alle besøk skal bli avtalte på førehand med aktuell avdeling.
• Har du covid-smitte, er i karantene, eller har luftvegssymptom, kan du ikkje koma på besøk.
• For å overhalde tilrådinga om 1 meter avstand, blir talet på besøkande avgrensa til to om gongen.
• Handhygiene skal bli utført av bebuar og besøkande før og etter besøket.
• Tidsramme er 40 minuttar, og ein bebuar kan ha eitt besøk pr. dag.  Det er mange som bur ved Ål helsesenter, og me skal utføre reinhaldsprosedyrer i etterkant av kvart besøk.  Pasienten kan no ta imot besøk på rommet sitt, men me oppfordrar til å ta utebesøk om vêret tillet det.  Rutinar med handhygiene og 1 meter avstand gjeld òg for utebesøk.
• Ved besøk inne, blir besøkande møtt ved inngangsdøra og følgd direkte til bebuar sitt rom. Besøkande kan ikkje opphalde seg i fellesareal.
• For å ivareta mogelegheita for smittesporing, skal det bli ført logg for besøk.
• Dersom du skulle få symptom på Covid-19 etter besøket, MÅ du straks melde frå om dette til avdelinga.
• Individuelle tilpassingar av rutinane kan i spesielle høve bli vurderte.
• Rutinane gjeld òg for bufellesskapa i Nigarden og Uppigarden. 
Ål, 29.05.2020
Borghild Ulshagen      Geir Strømmen
Kommunalsjef    Kommuneoverlege