Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Beredskapsskule

Skule for elevar som har foreldre i samfunnskritiske jobbar.

Hos oss får desse elevane kome mellom 07.30-16.30.
Dagen er organisert med SFO første timen. Deretter er det undervisning, eller rettleiing  av elevane fram til klokka er 13.45. I denne tida arbeider elevane med oppgåvene som lærarane til den enkelte elev har fått frå sin lærar. Pedagogen som er saman med elevane legg opp ein dagsplan som er mest mogleg lik den vanlege skulekvardagen.

Etter skuletid er det SFO. Her er det mest mogleg leik ute på det flotte uteområdet på Skattebøl.
Elevane som er på skulen har stort fokus på både avstand og vask av hender. Dei opplever det som fint at dei får god hjelp, tid til å prate og leike. Dei er og glade for at foreldra får gjort dei viktige jobbane sine.
Men, dei saknar klassekameratane og lærarane sine.