Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Beltebruk - også i buss

Det er fleire grunnar til at du må bruke beltet også i bussen. Det er påbode å bruke belter i bussar der det er montert med unntak av bybussar, og du risikerar å bli bøtelagt dersom du lar vere.

Det er det òg smart å bruke beltet i bussen for din eigen og andres sikkerheit. Bussen er stor og tung og det er store krefter i sving om det skulle skje ei ulykke, og ulykker med buss skjer. Brukar du ikkje beltet og bussen havnar i ei ulykke, blir du mest sannsynlig slengt rundt i bussen. Då kan du skade deg sjølv og andre som du risikerer å treffe i bussen.

Det er heldigvis få som blir drepne eller hardt skadd i bussulykker. Der ulykker har skjedd, viser det seg at dei fleste som har omkomme eller blitt hardt skadd ikkje har brukt bilbelte. Derfor er bruk av bilbelte i bussen ein avgjørande faktor på skadeomfanget ved ei ulykke.

Bruk belte på barna

Ikkje alle bussar har montert setebelter og enkelte bussar (bybussar) har ikkje krav om monterte setebelter. Dei kan heller ikkje køyre over 70 km/t. Her kan du lese meir om kva lovverket seier om sikring i buss (Lovdata).

Reiser du med barn på buss, er det også viktig at dei er riktig sikra i bilstol og setebelte. Reiser du med dei aller minste, kan det vere lurt å ta med eige barnesete i tilfelle det ikkje finst i bussen eller at barnesetene allereie er opptekne. Du kan lese mer om Trygg trafikks anbefalingar om sikring av barn i buss.

Sist endret: 09.06.2022