Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Beintøft 2019

Påmeldinga er open!

For femte året på rad er det duka for Noregs største gå-til-skulen-aksjon, Beintøft.

Frå 2.-29 september, skal barneskuleelevar (1.-7. klasse) over heile Noreg konkurrere mot kvarandre om å kome seg til og frå skulen på den mest miljøvennlege måten.

Formålet er å inspirere til å la bilen stå ved å gå, sykle eller reise kollektivt.
Årets hovudtema «Gå saman for framtida», reflekterer at barn over heile landet ønsker å gjere tiltak for ein grønare kvardag. Undervegs i konkurransen vil det bli presentert eit nytt tema for kvar veke, med mange spennande oppgåver som skal løysast i fellesskap.

Ikkje berre er Beintøft sosialt og hyggelig for klassen å vere med på, det er også eit godt tiltak for å betre luftkvalitet, trafikksikkerheit, helse og miljø. Dei beste klassane vinn fine premiar, som skal bidra til vidare miljøvennleg aktivitet og komme heile klassen til gode.
Nasjonal vinnar: 30 000 kroner til årets tøffaste klasse
Beste klasse per trinn: 1.-7. klasse: 5000 kroner
Beste klasse per fylke: 5 000 kroner

Vinnar av kreativt vekesoppdrag:
Kvar veke deler vi ut 2 000 kroner til vinnarar av kreative vekesoppdrag: ein vinnar i 1.-2. trinn, ein vinnar i 3.-4. trinn og ein vinnar i 5.-7. trinn.

Gå inn på www.beintoft.no for å lese meir om konkurransen og for å melde på klassen din.