Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Barnehageopning

Opning 20. og 21. april

Barnehagane i Ål opnar att etter å ha vore stengt på grunn av koronavirus (covid-19) frå 12. mars etter fylgjande plan: 

• Nordbygdene barnehage opnar 20. april
• Sando barnehage opnar 20. april
• Skattebøl barnehage opnar 20. april
• Torpo barnehage opnar 20. april
• Sundre barnehage opnar 21. april

Opningstida er fastsett til kl. 08.00-15.00 alle dagar.
Endringar kan skje på kort varsel. 

Det er utarbeidd ein nasjonal rettleiar om smittevern i samband med koronaviruset som barnehagane er forplikta til å arbeide etter når dei no startar opp att. Opningstida er difor redusert slik at barnehagane kan ivareta smittevernet på ein god måte ved at alle tilsette er tilstade i heile opningstida. På den måten er det mogleg å fylgje dei råd som er kome i den nasjonale rettleiaren. 

Her kan du lese brevet som er sendt til føresette.