Avvikling koronatelefon
Fredag 17.april vil vera den siste dagen med tilbod om koronatelefon for innbyggjarane i Hallingdal.
Dei to første vekene tilbodet fanst, var det stor aktivitet. No er det omlag 15-30 oppringingar dagleg. Legekontora i den enkelte kommune har kapasitet til å svare på desse telefonane sjølve.
Frå måndag 20.april ringer ein altså legekontoret i heimkommunen ved alle spørsmål knytt til helse.
Solveig Vestenfor,
regionrådsordførar