NB! Det er eigne råd for deg som er i risikogruppa!
-
Hald deg heime så mykje som råd.
-
Sørg for at du har nødvendige medisinar tilgjengeleg.
-
Fortsett med fast medisinering, og gjer endringer kun i samråd med legen din.
-
Hald avstand til andre og unngå folkemengder
- Begrens offentleg transport dersom det er mogeleg.
-
Lag avtaler med nokon som kan hjelpe deg med nødvendige innkjøp
- Dersom den du bur med ikkje kjenner seg frisk, begrens samværet. Særleg om du mistenker covid-19.
- Unngå pass av små ungar, då desse har ingen eller mindre symptom på covid-19 og kan smitte deg som er i risikogruppa.
- Arbeidstakarar i risikogrupper bør prate med arbeidsgjevar om det er mogeleg med heimekontor og tilrettelegging for videokonferansar
Er du i risikogruppa? Då kan du finne meir informasjon her.