Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Assisterande avdelingsleiar

100% fast stilling frå 1. april

Assisterande avdelingsleiar - avd Heimetenester.

Avdeling Heimetenester gir naudsynt helsehjelp og praktisk bistand til personar som bur i eigen heim.

I avdeling Heimetenester er det frå 01.04.2020 ledig 100% fast stilling for assisterande avdelingsleiar.
Vi søker deg som trivst med varierte oppgåver og høgt tempo, og at arbeidsdagen ikkje alltid blir som planlagt.

Arbeidsoppgåver
Ass. avdelingsleiar har tett samarbeid med avdelingsleiar om tenesteytinga. Assisterande avdelingsleiar vil ha oppgåver knytta til planlegging og dagleg drift av avdelinga, ressursstyring, kvalitet- og fagutvikling, saksutgreiing og vedtak, samt Gerica. Ass. avdelingsleiar er ansvarleg i avdelinga når avdelingsleiar ikkje er til stades.

Stillinga er p.t. ei dagstilling, men i eit år vil ein teste ut at assisterande avdelingsleiar jobbar kvar 3. helg. I denne perioda vil stillinga ha turnus-arbeidstid.

Kvalifikasjonar
Helsefagleg høgskuleutdanning, primært bachelor i sjukepleie
Leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning er ynskjeleg
God muntleg og skriftleg norsk framstillingsevne
Gode IKT-kunnskaper; gjerne kjennskap til Gerica
Erfaring frå heimeteneste er ynskjeleg, men ikkje noko krav
God forståing for pasientflyt i kommunehelsetenesta
Kjennskap til kontinuerleg forbetringsarbeid

Vi ynskjer oss vidare ein medarbeidar som
* evnar å jobbe måleretta og sjølvstendig
* er strukturert og systematisk
* har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
* har positiv holdning og godt humør

Du må dessutan ha førarkort for bil.

Me tilbyr
Ein heimeteneste i positiv utvikling og vekst
Ei verksemd som er framtidsretta, med fokus på god samhandling og arbeidsglede
Tverrfagleg arbeid i team
Varierte arbeidsdagar
Faglege utfordringar og eit godt arbeidsmiljø

100% stilling, med arbeid på dagtid og f.t. kvar 3. helg
Løn etter avtale
Pensjonsordning i KLP
Hjelp til å skaffe bustad

Stillinga krev godkjent politiattest, nyare enn 3 mnd.

Bruk elektronisk søknadsskjema:
https://enterprise-al.hdnett.no/recruitment/opening?2

Me hjelper deg gjerne dersom du treng hjelp til å søkje elektronisk.
Søknadsfrist 8. mars 2020

Ta med kopi av vitnemål og attestar ved ev. intervju

Kontakt: Herbjørg Dalene Bjerke, Avdelingsleiar Heimetenester
E-post herbjorg-dalene.bjerke@aal.kommune.no
Telefon: 90684314