Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Arealplanleggjar

Vil du vere med på å planlegge framtidas kommune? 100% fast stilling

Som vår medarbeidar blir du ein del av det faglege miljøet i kontorfellesskap med byggesak, oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse. Me er ein trivelig gjeng på 19 dedikerte medarbeiderar. Me supplerar kvarandre godt med breid kompetanse og eit høgt fagleg engasjement.

Arbeidsoppgåver
Avdelinga vår har eit stort ansvar for kommunen si utvikling med mål om å lage ein god stad å bu og flytte til. Dette gir utfordrande, varierte og interessante oppgåver både i planprosessar og sakshandsaming. Dine hovedoppgåver vil vera lokalsamfunnsutvikling, arealplanlegging med revisjon av kommuneplanens arealdel og handsaming av private og kommunale reguleringsplanar.

Du finn full utlysingstekst og lenke for søknad her.

Søknadsfrist 20.09.2021