Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

All aktivitet teller!

Aktivitetsperiode frå 20.04 - 18.06

Plakat for kampanjen

Bli med på Noregs største aktivitetskampanje.                                                    

Er du over 15 år og bur i Ål kommune eller jobbar du i Ål, men bur i ein annan kommune, kan du delta gratis på Noregs største aktivitetskampanje/sykle til jobben.

Kampanjen varar frå 20.april til 18.juni. 

All form for fysisk aktivitet kan registrerast, ikkje berre sykkel. Det du gjer på fritida, i løpet av arbeidstida og/eller til/frå jobb. Du registrerer din eigen aktivitet. Du melder deg på individuelt eller lagar lag. 

Bedriftsidretten nasjonalt arrangerer konkurransen og deler ut premiar, utfordringar og nyheiter gjennom heile kampanjeperioden. I tillegg har vi mange flotte premiar kun for Ål, blant anna 2 stk Fitbit Charge 4 aktivitetsklokker, 2 stk JBL reflect mini hovudtelefonar, og mykje meir! 

Meld deg på i dag. Kampanjen startar 20.april. 

Praktisk: Gå inn på www.sykletiljobben.no

  • Meld deg på. Er du over 15 år og bur i Ål er det gratis og delta. Det er òg gratis å delta om du jobbar i Ål, men bur i ein annan kommune. Dersom du bur i ein annan kommune, må du ved påmeldinga skrive adressa til arbeidsstaden din.
  • Du kan registrere deg åleine eller gå saman med kollegar/venner/familie/naboar og lage eige lag. 
  • Last ned Sykle til jobben-appen frå App Store eller Google Play

Følg kampanjen på sykletiljobben sin facebook-side og instagramkonto. 

Besøk bedriftsidretten si nettside for meir informasjon: https://www.sykletiljobben.no/

For spørsmål, ta kontakt med Live Berg, Folkehelsekoordinator Ål kommune.
Tlf. 959 80 495 - live.berg@aal.kommune.no