Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ål kommune treng meddommarar

til lagmannsretten, tingretten, jordskifteretten og skjønnsmenn

Etter eit kommunestyreval skal det veljast nye meddommarar og skjønnsmenn. Vi treng personar mellom 21 – 70 år som er villige til å gjere ei samfunnsplikt, og vi oppfordrar sterkt til å melde deg om du er samfunnsengasjert og har lyst til å gjere ein jobb. Vi treng personar i alle aldersgrupper og spesielt dei under 40 år, - statistikken seier at dei i førre periode var underrepresentert.

Kva er ein meddommar
Meddommar (lekmann) er ein ikkje juridisk person som saman med fagdommar er med på å treffe avgjersler i rettssaker. Du kan rekne med å bli innkalla fleire gongar i året. Dei fleste rettsaker varar ein til tre dagar, i enkelte tilfelle noko lengre.

Tingretten
Som meddommar i tingretten er du ein av to lekmenn som skal dømme i straffesaker saman med ein fagdommar.

Lagmannsretten
Som meddommar i lagmannsretten er du ein av fire meddommarar som skal dømme i straffesaker saman med tre fagdommarar. Dette betyr at du skal avgjere skyld i dei alvorlegaste straffesakene, som har ei strafferamme på over seks års fengsel.

Rettigheitar
Å vere meddommar er ei samfunnsplikt. Du får normalt fri frå ditt ordinære arbeid, med godtgjersle for tapt arbeidsforteneste, med erstatning for legitimere tap.

Kven kan vere meddommar/skjønnsmann

  • Du som er mellom 21 – 70 år ved valperioden si start i 2021

  • Øvre aldersgrense gjeld ikkje skjønnsmenn.
  • Du må ha røysterett og vere innført i folkeregisteret med bustadadresse Ål

  • Ha tilstrekkeleg med norskkunnskap

  • Ikkje straffedømt

Skjønnsmann
Du kan som skjønnsmann og sitje i lagmannsretten eller tingretten
Her ynskjer vi du har følgjande kompetanse og innsikt i:

  • Jord og skogbruk

  • Bygningsfag ( byggfag, tømrar, ingeniør, takstmann, entreprenør)

  • Anlegg ( veg, vatn, avløp)

  • Verdifastsetting av fast eigedom

  • Regulering / plan / byggesaker

  • Rekneskap / økonomi / revisjon / bank / finans

  • Helsefagleg bakgrunn

  • Geoteknisk kompetanse  

Jordskifteretten
Kva saker handsamar jordskifteretten:

  • Ny utforming av eigedomar

  • Bruksordning og felles tiltak ( beite, jakt, fiskerettigheitar, utbetring av vegar bl a )

  • Eigedomsdeling

  • Grensefastsetting

  • Rettsutgreiing

  • Skjønn        

    Ynskjer  du å bli meddomar - skjønnsmann i Ål?
    Meld di interesse eller foreslå kandidatar til oss. Har du spørsmål, kontakt: Servicetorget, Ål kommune, tlf 32 08 50 00 eller send e-post til : postmottak@aal.kommune.no innan 17. april 2020.