Oslo universitetssykehus støttar Ål med helseteam som skal bistå lokal helseteneste med å oppretthalde liv på en best mulig måte. To team frå sjukehuset har reist oppover dalen. Kvart team består av ni helsearbeidarar; fire sjukepleiarar og fire paramedics, under leiing av ein erfaren luftambulanselege.
Dei skal opprettholde helsetilbodet og bistå med hjelp innan heimesjukepleie, legevakt, fødsel- og barselomsorg og andre oppgåver på same nivå.
Drammen sykehus
Tysdag kveld vart AMM-lege og seksjonsoverlege Jørn Einar Rasmussen frå Drammen sykehus transportert til Hallingdal sjukestugu med helikopter for å bistå utover i veka.
Her er bildene deira frå transporten oppover og situasjonen i Hallingdal. I tillegg til AMM-lege (Akutt og MottaksMedisin) har Prehospitale tjenester i Vestre Viken HF også transportert inn to luftambulanse-leger.










