Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bli med på Norges største aktivitets-kampanje!

All fysisk aktivitet tel. Påmeldinga er no open.

Er du over 15 år og bur i Ål kommune eller jobbar du i Ål, men bur i ein annan kommune, kan du delta gratis på Norges største aktivitetskampanje/sykle til jobben.

I ei tid med mykje heimekontor, inaktivitet og lite sosial kontakt, er Sykle til jobben/aktivitetskampanjen eit godt tilbod for å betre psykisk og fysisk helse. Som deltakar av kampanjen blir du motivert til å bli meir aktiv og du får ei oppleving av samhald og tilhørigheit. Her kan du registrere all aktivitet du gjer i løpet av dagen. Det du gjer på fritida, i løpet av arbeidstida og/eller til/frå jobb. Det er ikkje berre sykkel som gjeld. All form for fysisk aktivitet kan registrerast.

Sykle til jobben er Norges største og eldste årlege aktivitetskampanje, og blir arrangert av Norges Bedriftsidrettsforbund i 2021 for 48. gang. Kampanjen varar frå 20. april til 18. juni 2021 og målet er å få flest mogeleg i kvardagsaktivitet. Deltakarane registrerer sin aktivitet, melder seg på individuelt eller lagar lag om dei ynskjer og skapar aktivitetsglede.

Sjølv om kampanjen heiter «Sykle til jobben» er det ikkje berre sykkel som kan registrerast. I treningsdagboka kan du logge alt frå frisbeegolf og skating til skitur og turgåing. Vi heiar på all aktivitet! Bedriftsidretten arrangerer konkurransen og delar ut premiar, utfordringar og nyheiter gjennom heile kampanjeperioden.

Meld deg på i dag. Kampanjen startar 20.april.

Gå inn på www.sykletiljobben.no for å melde deg på.

Er du over 15 år og bur i Ål er det gratis og delta. Det er òg gratis å delta om du jobbar i Ål, men bur i ein annan kommune. Dersom du bur i ein annan kommune, må du ved påmeldinga skrive adressa til arbeidsstaden din.

Du kan registrere deg åleine eller gå saman med kollegar/venner/familie/naboar og lage eige lag.

Følg kampanjen på Facebook og Instagram.

For spørsmål, ta kontakt med Live Berg, folkehelsekoordinator Ål kommune
Tlf: 959 80 495
E-post: live.berg@aal.kommune.no 

Flyer Aktivitetskampanje våren 2021