Orienteringsmøte
Det blir eit orienteringsmøte for innbyggjarane i Ål med Gjensidige Hallingdal tysdag 15. august, kl. 15:00 i Sprang, Ål kulturhus.
Orienteringsmøtet vil vera ope for alle, uansett forsikringsselskap. Tema for møtet vert både forsikringserstatning og naturskadeerstatning.
Representantar frå skadeavdelingen til Gjensidige, samt tilsette i Gjensidige Hallingdal vil vere til stades. Moglegheit for individuelle samtalar etter møtet.
Viktig informasjon
NB! Først dokumentasjon, så reparasjon: Vær tolmodig og vent med reparasjonen! Ingen må starte reparasjon før skadeomfanget er dokumentert og taksert og tilsagn om erstatning er godkjent. Om du startar rydding og reparasjon før, kan du tape retten til erstatning. Og i verste fall kan du bli pålagt tilleggskostnader med å gjere om att for dårleg utført reparasjon.
Skade skal takserast og reparasjon skal planleggjast av fagfolk. Planlegging av reparasjon av skade på privat veg vil ha fokus på sikring av bekkelaup og bekkeinntak, og større dimensjon på veggrøfter, røyr og stikkrenner.
A: Forsikringsskadeerstatning: Forsikring av bustad eller hytte omfattar også tomt inntil 5 dekar. Gjenstandar som campingvogn, motorvogn, biltilhengar, fly, skip og småbåt samt gjenstandar i desse, er ikkje omfatta av naturskadeordninga, men må eventuelt dekkast av ordinær forsikring. Dersom du har fått naturskade på forsikra eigendom og/eller lausøyre, må du snarast ta kontakt med ditt forsikringsselskap.
Alle forsikringsselskap som tilbyr brannforsikring, er medlem av Norsk Naturskadepool. Norsk Naturskadepool skal være kontaktledd mellom forsikringsbransjen og myndigheitene. Meir om kva som vert dekka av forsikring, kan du lese på www.naturskade.no
B: Naturskadeerstatning: Skade på eigedom som ikkje kan forsikrast ved alminneleg forsikringsordning, kan erstattast gjennom den statlege naturskadeordninga hos Landbruksdirektoratet. Dette gjeld anlegg for industri, idrett og turisme, kaiar, moloar, private vegar og bruer og jordbruksareal. Søknad om erstatning skal rettast til Landbruksdirektoratet på fastsett skjema innan tre månader etter at skaden har skjedd. Skadelidte skal gjennom søknaden dokumentera at det føreligg ein naturskade og kva for kostnader som er naudsynte for å reparere skaden. Les meir om den statlege naturskadeordninga og korleis du søkjer om erstatning, hos Landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/eiendom/ordninger-for-eiendom/naturskadeordningen?resultId=2.0&searchQuery=naturskade