Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

#1omdagen

#1omdagen er ei oppmoding om å koma seg ut døra minst ein gong om dagen.

Målet er at det skal vere så lågterskel at alle kan gjere det på sin måte. 
Vi treng frisk luft for å ha det bra. Med kampanjen #1omdagen vil Norsk Friluftsliv inspirere nordmenn til å komme seg ut kvar dag. 
Mørketid, synkande gradestokk og strenge koronatiltak gjer at dørstokken kan kjennes ekstra høg denne vinteren. Å komme seg ut i frisk luft er viktig både for den psykiske og fysiske helsa vår. Å vere ute i frisk luft senkar stressnivået vårt og gjer at vi har det betre. Derfor vert alle oppmuntra til å komme seg over dørstokken minst ein gong kvar dag. 
Utandørs er det òg enklare og oppretthalde smittevernreglane. Ta gjerne med familie, venner eller nærkontaktar ut. Å vere litt ute kan bli eit avbrekk frå heimekontor, jobb, sofakroken eller koronabekymringar. 
Gjer det enkelt og lettvint, slepp fantasien laus. Forslag på aktivitetar å gjere utandørs: 
• Sett deg på ein stubbe og nyt dagslyset
• Luft nokon sin hund
• Ta lunsjen eller middagen ute i dag
• Utforsk ein ny veg i nabolaget
• Gå ut og tenn eit bål med nokon du er glad i
• Gå ein kveldstur med hovudlykt
• Finn fram akebrettet og leik deg i nærmaste bakke
• Nyt morgonkaffen i husveggen eller på ein benk
• Gå på fuglesafari i nærmiljøet
• Gå ut og øv deg på kart og kompass
• Lag fuglemat og mat småfuglane
• Prøv ut geocaching
• Gå på fotosafari i nærmiljøet
• Ta deg ein skitur
• Prøv deg på skøyter
Det å ta morgonkaffien ute er ein enkel og fin måte å få #1omdagen.
Du treng ikkje gå langt.
Ta gjerne eit bilete eller ein video og del dette med «1omdagen – for å inspirere fleire til å ta utfordringa. 

Foto Lucie Engesvik - friluftsliv