Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

17. mai-feiring i Ål kommune

Norsk flagg

Program

07.50              Lurblåsing frå Sundreberget 

08.00              Flaggheising i Kulturtorget, og kransenedlegging på stavkyrkjetomta

                        ved speidarane i Ål

10.00              Gudsteneste Ål Kyrkje ved Arne Jensen og Audun Flaen.      

10.45              Minnestund ved bautaen utanfor Ål kyrkje. Tale v/ Marit Sehl.
                       Musikkinnslag frå Ål kulturskule

11.00              Flaggborg med trommekorps frå Ål kyrkje – Torget – Gamlevegen – Hagotunet – Sundrevegen – Ål helsetun

11.30              Ål helsetun – Helsing til bebuarane frå 7. klasseelevar ved Nedre-Ål skule. Danseinnslag frå Ål kulturskule.

                       Allsong: «Ja, vi elsker dette landet», med Synne Fredriksen som forsongar.

                       Flaggborga går til Tingstugu etter samlinga.

12.15              Bilkortesje gjennom bygda, med oppstart frå Sundrehallplassen.
                       For meir informasjon sjekk Facebookside: «17.Mai tog i bil på Ål 2021»

 

Torpo Kyrkje: Ute-gudsteneste kl. 11.00 ved Vigdis Moen Storhaug og Ingunn Stræte

Leveld Kyrkje: Gudsteneste kl.11.30 ved Arne Jensen og Audun Flaen

17.mai fest på Evjens Minne i regi av Normisjonen

  • Underhaldning
  • Andakt
  • Småmat

100kr per person

Påmelding til; 97 62 97 50, grunna antalsbegrensing

 

Gå inn på Facebook-sida: «17. mai-feiring i Hallingdal»

Og del gjerne bilete/film korleis du og dine feirar 17. mai

17.mai-nemnda ynskjer alle ei minnerik og god feiring

Last ned programmet som pdf

Restriksjonar

Regjeringa har ikkje komme med eigne reglar for gjennomføring av nasjonaldagen. Alle arrangement og sosiale samankomster i samband med feiring av 17.mai må difor gjennomførast med gjeldande nasjonale råd og reglar:

  • Det er ikkje tilrådd å ha besøk av fleire enn 5 gjester i eigen heim eller hage
  • Private samankomster på offentleg stad har ei lovfesta antalsbegrensing på 10 personar innandørs og 20 personar utandørs. Dette gjeld også til dømes på serveringsstader og dersom det er ein offentleg arrangør.
  • Andre typar arrangement har ei antalsbegrensing på 10 personar innandørs utan faste tilviste sitteplassar, 100 personar innandørs med faste tilviste sitteplassar og 200 personar utandørs. Slike arrangement har strengare krav til gjennomføring og det bør vere ein dialog med kommuneoverlegen for smittevernmessig trygg gjennomføring.

Råd til arrangementer, julebord og sosiale sammenkomster - helsenorge.no

Hvis det er risiko for at 17. mai-tog eller andre arrangement fører til folkesamlingar eller tiltrekker seg personar fra ulike kommuner, bør dei avlysast. 17. mai-tog, annonserte talar, leiker, kransenedleggelser og liknande er også omfatta av reglene om arrangement.