Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Veg og park

Vakttelefon

Utanom vanleg kontortid. 916 66 808

Brøyting

Dersom du har spørsmål om brøyting kan du ta kontakt med Servicetorget på dagtid. Dei vil hjelpe deg å finne rette vedkomande og formidle informasjon og beskjedar vidare.

Brøytevakt Ål kommune (utanom vanleg kontortid) -  916 66 808 på laurdagar og sundagar og etter vanleg kontortid,
dvs mellom  kl 15 og 07 på kvardagar.

Vintervedlikehald

 

Vegar i Ål kommune

Riksveg 7 og fylkesvegar har Statens vegvesen ansvar for:

Fylkesvegar: 

  • Torpo aust til Lienkrysset og opp til Lien landbruksskule og Liahagen (fv 240)
  • Torpo vest til Opheimskrysset og til Opheim og Barskrind (Fv 242)
  •  Gullhagen – Leveld – Vats til slakteplassen (Nordbygdvegen) (Fv 244)
  • Frå avkøyring Ål sentrum til Ål jernbanestasjon
  • Frå avkøyring til ferieparken opp til skuletoppen og videre til Øvre Ål og Kvinnegardslia (Fv 246 og 247)

Her er liste over kommunale vegar

Her er liste over kommunale gangvegar

Øvrige vegar er private.

Ladestasjon for el-bil

Ladestasjon for el-bilar er plassert på parkeringsplassen vest for Statoil.Den har type Chademo, Combo og Flexi.
Det er Grønn Kontakt som driftar ladestasjonen og ein kan lade via mobil og eige ladekort som kan kjøpast hjå Grønn Kontakt.

For ytterlegare info er det mogeleg å ta kontakt med  Grønn Kontakt på telefon 476 70 800