Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vatn, avløp og renovasjon (VAR)

VAR-avdeling

Avdelingsleiar: Svein T. Furuhaug, telefon 3208 5062

Rådgjevar: Øystein Tårneby, telefon 9928 7880
Førstesekretær: Grethe Sollien, telefon 3208 5069
Driftsleiar VA Nils Egil Vedvik telefon 9928 7878

Avdelinga har fylgjande ansvarsområder

  • Drift av kommunale vassverk og avløpsrenseanlegg.
  • Slamtømming av private renseanlegg og renovasjon vert utført av Hallingdal Renovasjon

Vatn

Vatnet tilfredsstiller dei strenge krava i «Forskrift om vannforsyning og drikkevann» (Drikkevannsforskriften).

Små endringar i vasskvaliteten

Vatnet kan endre noko farge, lukt eller smak i perioder.  Det er likevel trygt å drikke, med mindre vi melder om noko anna.
Har du klager på kvaliteten på drikkevatnet eller på trykket, kan du kontakte:

Dagtid kl. 09:00 - 15:00: Servicetorget på tlf 32 08 50 00 eller e-post: postmottak@aal.kommune.no

Kveld og helg: Vakttelefon VA 99 28 79 01

Varsling om endringar i vassforsyninga

Vi informerer på Ål kommune si heimeside og/ eller varslar på telefon med SMS til berørte innbyggjarar ved følgjande hendingar:

    • Når vi stenger vatnet grunna vedlikehald og lekkasjar
    • Dersom vasstrykket blir endra
    • Ved kokeanbefaling av drikkevatnet

Er du litt interessert i vatn og vassforsyning er det ei god lenke her: vannkunnskap.no
Ål kommune har 5 godkjenningspliktige vassverk og 2 mindre anlegg.
Vassverka vert drevne etter internkontroll og prosedyrer godkjent av Mattilsynet.

Vatnet på Sundre og Torpo har ph på ca 8,0  og alkalitet ca 1,0, og hardheit på ca 4,0 dH ( tyske hardheitsgrader ).

Dersom du ynskjer nærare informasjon om kjemisk samansetjing av vatnet kan du ta kontakt med Nils Egil Vedvik

Dersom de har privat brønn og ynskjer å sjekke kvaliteten på vatnet, kan de hente prøveflasker på servicetorget. 
Analyse av vassprøver frå private brønner kan avtalast med til dømes:

www.vanntest.no

www.valdreslab.no

www.vannshop.eurofins.no

www.mjoslab.no

Vassprøver - analyseresultat

Gunnarhaugen vassverk
Sando barnehage vassverk
Sundre vassverk
Torpo vassverk
Vats vassverk
Votndalen vassverk

Elveprøver
Hallingdalsvassdraget
Votna

Badevassprøver - lenke til Miljøretta Helsesvern Hallingdal 

Avløp

Ål kommune har eit biologisk-kjemisk kloakkrenseanlegg, 5 fysisk kjemiske og eit infiltrasjonsanlegg. Anlegga vert drifta i samsvar med Forureiningsforskrifta.

Tilkopling til ledningsnettet vatn og avlaup ( sanitærabonnement ) skjer etter søknad, av ansvarleg rørleggjar.
Søknad om utsleppsløyve finn du her.

Nærare opplysningar vedrørande abonnement på vatn, avlaup, slamtømming og renovasjon får du ved å ta kontakt med Grethe Sollien eller Øystein Tårneby

Sanitærabonnement

 

Søknad om sanitærabonnement - PDF
Søknad om sanitærabonnement - elektronisk

Slamtømming

Slamtømming
Hallingdal Renovasjon administrerer denne tenesta. Tlf. 3208 6110. 

Her kan du sjølv finne ut når det sist vart tømt hos deg:

Forskrift om tøming av slamutskiljarar, tette tankar, feitt- og oljeutskiljarar, og bestemmelse om betaling av gebyr.pdf 

Nye og/eller endring abonnement kontakt med drift- og vedlikehaldsavdelinga Øystein Tårneby eller Grethe Sollien

Ekstra slamtømming

For bestilling av ekstratømming av slamavskiller eller tett tank, ta kontakt med Septik24.no

Vassmålar

Ål kommune sine gebyr for vatn og avløp er rekna etter forbruk av vatn. Eit forbruk kan enten målast eller stipulerast. Der det ikkje er installert vassmålar, vert forbruk stipulert.

Forbruk kan kun stipulerast i bustad eller fritidsbustad - alt anna forbruk SKAL målast!

Gebyret i Ål kommune er todelt; eit fastledd og eit forbruksledd. Storleiken på gebyret er delt omtrent i to. Dette grunna at halve kostnaden med vassanlegga er kapitalkostnader. Heile kostnaden med vassanleggeta vert betalt av abonnentane med gebyr. ( sjølvkost

Normalforbruk av vatn i ein husstand vil variere sterkt etter kor mange som bur i husstanden, kva slags VVS-utstyr som er installert og ikkje minst om det vert nytta vatn til vatning av plenar og hageanlegg med spreiarar.

Eks. Dersom det bur ein person i ei bueining på over 80m2 bruttoareal, som ikkje vatnar plenen, vil det truleg lønne seg stort å installere vassmålar.

Denne vil betale slikt gebyr for 2017 utan vassmålar:

Vatn Fastledd kr 1626,-
  Stipulert forbruk kr 1644,-
    kr 3270,-
       
Avløp Fastledd kr 1803,-
  Stipulert forbruk kr 2347,-
    kr 4150,-
       

Sum:     7420,- Mva.    1855,-
Totalt    9275,-

Ved eit målt forbruk  på 70m3 og bygg over 80m2 vil rekninga bli:

Vatn Fastledd kr 1139,-
  Målt forbruk kr 767
    kr 1906
Avløp Fastledd kr 1262,-
  Målt forbruk kr 1096,-
    kr 2358,-

 

Sum: 4264,- Mva. 1066,-
Totalt kr.   5330,-

 

Eks. Forbruk 100m3 i bueining over 80m2 bruttoareal:

Vatn  Fastledd kr  1626,-
  Målt forbruk kr  1096,-
    kr  2722,-
Avløp  Fastledd  kr  1803,-
Målt forbruk Målt forbruk kr  1565,- 
    kr  3368,-

Totalt kr.   6090,-
Mva kr.     1523
Totalt kr.  7613,-

Forskjellen mellom forbruk over/under 80m3 pr. år er avgjerande for storleiken på gebyret.

Kva kostar det å kjøpe og installere vassmålar? Dette vil variere frå hus til hus kva installasjonskostnaden vil vere, alt etter røropplegg og kva for tilpassingar som må gjerast. Ein standardinstallasjon vil vere på ca 2500, og ein standardmålar vil vere på ca kr. 3700,-. Totalkostnad ca kr. 6200,- for målar og installasjon. Det må sjølvsagt takast kontakt med ein rørleggar for å få eksakt pris. Levetid for ein vassmålar vil vere omtrent 8 år. 

Bestemmelser for bruk av vassmålar i Ål kommune.

Tekniske bestemmelser for vassmålar i Ål kommune

Gebyrregulativ for Ål kommune 

Kompost

 

Dersom du ynskjer å nytte kompost av avløpsslam til jordforbetring/gjødsling kan du få dette ved å henvende deg til Hallingdal Renovasjon.
Du må sjølv hente dette ved Hagaskogen komposteringsanlegg på Torpo.

 

Forskrifter

 

Forskrift for avfallsbehandling i Ål kommune
Forskrift for tømming av slamavskiljarar og tette tankar i Ål kommune
Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar
Reglar for nesetjing av tett tank for avlaupsvatn

Renovasjon

Hallingdal Renovasjon står for innsamling av avfall i Ål kommune.
For meir informasjon eller ved klager, ta kontakt med Hallingdal Renovasjon på telefon 32 08 61 10 eller Servicetorget i Ål kommune 32 08 50 00.

Fleire opplysningar om renovasjonsordninga og levering av avfall finn du på Hallingdal Renovasjon si nettside (www.hallingdalrenovasjon.no) eller tlf. 32 08 61 10

Opningstider Hallingdal Renovasjon: Måndag-fredag: 07.00 - 15.00, Tysdagar:  07.00 - 19.00. Laurdagar: 10.00 - 14.00.

Fritak for renovasjon 

Felles retningsliner for fritak i kommunane i Hallingdal og Krødsherad.

Sektorutval for teknisk, næring og ressurs behandla saka i møte 24.09.2013, saksnr 84/13.

Heimel om fritak ligg i § 5 andre ledd i forskrifta for Forskrift for avfallsbehandling for Ål kommune.
Forskrifta er vedteke av kommunestyret i Ål 17.02.05, sist endra 20.12.12.

Vedtak fatta etter desse retningslinene er enkeltvedtak og kan påklagast ihht klagereglane i Forvaltningslova.  

Generelt gjeld at det skal betalast gebyr for bueiningar som er definert i §2 i forskrifta og etter desse retningsliner. Når bueining på eigedomen/ matrikkeleininga har rom for kvile (sengeplassar) og det er mogeleg å lage mat (kjøkken/sjølvhushald) vert han rekna som bueining. 

Bustader
Kommunen kan gje fritak for fylgjande:

a)     
Eige bruk For bustader som her leilegheit/ hyblar, men vil gå over til å nytte heile huset til eiga bruk, kan ein søkje kommunen om fritak frå renovasjonsordninga og gebyrplikta for bustader som vart leigd ut tidlegare.

b)     
Ikkje i bruk/fråflytta
For bueining abonnenten kan dokumentere at ikkje har vore i bruk i minimum 6 månader, kan ein søkje kommunen om fritak frå renovasjonsordninga/gebyrplikta. Føresetnaden er normalt at bueininga ikkje er bebueleg eller ikkje er i bruk grunna langvarig opphald på institusjon eller den er mellombels fråflytta.

Dette kan mellom anna innebere (ikkje uttømmande liste)

  • at den byggtekniske tilstanden er svært dårleg
  • at vesentlege installasjonar som varmekjelde/eldstad/straum er fråkopla.
  • langtidsopphald på sjukeheim
  • at bustaden ikkje er i bruk i ein lengre periode.

Dette skal kunne dokumenterast. 

Eigar av bustaden pliktar å melde frå til kommunen om bustaden vert teken i bruk i fritaksperioden og fritaksgrunnen opphøyrer. 

Oppsamlingseininga (dunk eller stativ) for restavfall vert ikkje tømt av renovatør i fritaksperioden sjølv om den ikkje vert fjerna av abonnent. 

Heimekompostering For husstandar som heimekomposterer alt matavfall/ organisk materiale vert det gitt ein reduksjon i avfallsgebyret under fylgjande forutsetningar:

  • Minst ein person i husstanden skal ha gjennomgått komposteringskurs i regi av Hallingdal Renovasjon IKS
  • Det skal nyttast ein isolert og lukka type kompostbinge som er godkjent av Hallingdal Renovasjon IKS.
  • Det skal opprettast skriftleg avtale med kommunen der ein forpliktar seg til å kompostere alt matavfall/ organisk avfall heile året, og kommunen skal ha tilgang til å ta stikkprøver.
  • Den enkelte må sjølv ta kontakt med kommunen for å iverksetje ordninga.

Hytter, stølar og fritidsbustader Generelt gjeld at det skal betalast renovasjonsgebyr for hytter, stølar og fritidsbustader som definert i § 3 i forskrifta. Kommunen kan gje fritak for fylgjande:

a)     
Ubebueleg
Når hytte, støl eller anna fritidsbustad kan dokumenterast å vere i så dårleg forfatning at det ikkje er bebueleg. Dette kan mellom anna innebera (ikkje uttømmande liste):

  • at den bygningstekniske tilstanden er særs dårleg
  • at vesentlege installasjonar som varmekjelde/straum/eldstad er fråkopla

Ved handsaming av søknaden kan kommunen krevje dokumentasjon. 

Generelt om fritak Som hovudregel gjeld fritaket for renovasjonsgebyret frå tidspunkt for vedtaket og minimum 6 månader med maksimal tidsavgrensing på 12 månader.

  • Det kan i særskilte tilfelle gjevast fritak for ein lengre periode enn 12 månader, opptil 36 månader.
  • Det er ikkje mogeleg å få fritak/ reduksjon for sesongbasert eller liten bruk av bueining. Anten er ei bueining i bruk eller ikkje.
  • Søkjar må, før fritaksperioden går ut, gje skriftleg melding til kommunen dersom situasjonen er uendra og ein ynskjer forlenging av fritaket. Vert ikkje slik melding gjeve, må ein fakturere gebyr frå neste periode (1. januar og 1. juli kvart år)
  • Eventuelt fritak skal vere knytt til eigedomen, og kan ikkje gjevast av sosiale eller økonomiske grunnar knytt til abonnementet.

 

vann, avlaup, vannprøve, kloakk,