Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot

Sentrale/nasjonale tilskot i landbruket (jordbruk/skogbruk)

Lenke til Landbruksdirektoratet si side med skjema for å søkje tilskot

Fiskefond

Tilskot frå fiskefondet kan løyvast til tiltak for å betre fisket i vassdrag i Ål. Pengane kjem frå kraftutbygging.

Føremål
Avkastinga av fondet (omlag kr 15 000 årleg) skal vere øyremerkt kultiveringstiltak for betring av fiske i vatn og vassdrag i Ål kommune.

Målgruppe
Rettshavar, og andre i samarbeid med rettshavar.

Vilkår
Det kan gjevast tilskot inntil 40% av kostnadsoverslaget for tiltaket. Tilskot vert elles gjeve på vilkår av at søkjaren har nytta utarbeidd søknadsskjema, samme skjema som til næringsfondet. Tilskotet vert utbetalt etter Retningsliner for bruk og utbetaling av Næringsfondet i Ål. Tilskotet vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført.

Saksgang
Søknad på tilskot frå fiskefondet vert handsama av Vilt og innlandsfiskenemnda. Søknad vert å sende Ål kommune Utviklingsavdelinga. Om ikkje saka kan handsamast innan 3 veker skal søkjar ha melding om forventa handsamingstid. Det er 4 søknadsfristar i året: 1. mars, 15. mai, 1 august og 15. oktober.

Sakshandsamar vilt og fisk: Ragnar Haga, tlf. 320 85 084.

Innovasjon Norge

Logo Innovasjon Norge

 

Innovasjon Norge har ei rekke tilskotsordningar for landbruksnæring og tilleggsnæringar i landbruket.

Dette er viktig  å hugse på når du vil søkje:

  1. Meld frå til Utviklingsavdelinga v/ Marit T. Nerol  på  registreringskjemaet innan 15. oktober.
  2. Saman med registreringsskjemaet skal du legge ved kopi av sjølvmelding/skattemelding, landbruksskjema og næringsoppgåve for 2015 og 2016 og gjerne rapporten « Økonomisk oversikt  for 5 år» m/finansielle konti m/renter.
  3. Ingen søknadsfrist, søknader sendast inn etterkvart.

Tilskot skal ikkje gjevast til tiltak som har starta opp før søknad er godkjent.

Forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket

Informasjon om søknadsprosessen.pdf

Retningslinjer BU-midler.pdf

Registreringsskjema.pdf

Treng du hjelp, ta kontakt med jordbruksforvaltaren i Ål

Jordbruksfond

Føremål
Avsetjinga skal vera øyremerkt tilskot til personar som har landbruk som yrke, anten på heiltid eller deltid, og til fellestiltak som har som føremål å fremje landbruket i Ål.

Søknadsfrist: 1. april og 1. oktober

Her kan du lesa meir om retningslinene på side 13 i Strategisk næringsplan for Ål 2017-2020

Kommunalt viltfond

Kommunalt viltfond er eit bunde driftsfond som kommunen forvaltar til viltføremål. Inntektene kjem frå fellingsavgifter innbetalt av jaktlaga og inntekter frå fallvilt. Lag, organisasjonar og rettshaverar kan søkje om tilskot til tiltak for betre viltforvalting.

Føremål
Føremålet med kommunale viltfond er å stimulere viltforvaltinga i kommunen.
Fondet kan nyttast til:

  • tiltak for å betre viltforvalting, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommunar gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, einskildpersonar eller kommunen sjølv.
  • å dekke kommunens utgifter til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen.
  • tiltak for å førebygge skader på landbruksnæring gjort av hjortevilt.

Fondet kan ikkje nyttast til:

  • kommunal administrasjon av viltforvaltninga (faste utgifter til lønn, møtegodtgjersle, reiser o.a.).
  • å erstatte skader gjort av vilt.
  • skotpremiar.

Vilkår
Tilskotet vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført. Det er elles ingen særskilte vilkår.

Saksgang
Søknad om tilskot frå kommunalt viltfond vert handsama av Vilt- og innlandsfiskenemda. Søknad vert å sende Ål kommune Utviklingsavdelinga. Om ikkje saka kan handsamast innan 3 veker skal søkjar ha melding om forventa handsamingstid. Det er ingen søknadsfrist. Søknadane vert handsama fortløpande.

Kommunalt viltfond er lovfesta i Forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort

For meir informasjon kontakt sakshandsamar vilt og fisk:

Ragnar Haga

Tilskot til miljøføremål i skog

Tilskot etter ordninga føreset at miljøverdiane er registrert etter ”Miljøregistreringar i skog ” (MiS) metodikk. Alle tiltak etter ordninga skal godkjennast på førehand av kommunen. Søknadsskjema finn du under.

Tilskot kan gjevast til:

  • Dekking av meirkostnad eller tap ved å gjennomføre skjøtseltiltak for å ivareta og utvikle miljøverdiar.
  • Delvis dekking av økonomiske tap knytt til langsiktig bevaring av spesielle miljøverdiar, der omsyn til desse krev at skogeigarren avstår frå hogst eller legg om skogsdrifta.
  • Dekking av meirkostnad ved skogsdrift for å unngå vegbygging som vil redusere ”villmarksprega område”.

Miljøinformasjon etter ordninga vil vere offentleg tilgjengeleg.
Ingen søknadsfrist. Søknadane vert handsama av kommunen. Fylkesmannen i Buskerud er klageinstans.
Søknaden må innehalde kart og utdrag av opplysningane frå MIS-registreringa som skogeigar har fått tilsendt. Hjelpeskjema for utrekning av tilskot må og vera fyllt ut og følgje søknaden.

Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Søknadsskjema for regionalt miljøtilskudd


Hjelp til å fylle ut skjema kan du få ved å vende deg til servicetorget.

Næringsfond

Avsetjinga skal vera øyremerkt til tilkost til næringsutvikling, både investeringar og prosjekt, som fremjer lønsemd for bedrifta.  Det kan og gjevast tilskot til fellesprosjekt som fremjer utvikling for Ål-samfunnet.  Søknadfrist: 1. april og 1. oktober

Her kan du lesa meir om retningslinene på side 13 i Strategisk næringsplan for Ål 2017-2020

Næringstilskot - elektronisk skjema

For meir informasjon kontakt næringsutviklar Kristian Kvistad Holm Tlf: 99 71 14 92

Produksjonstilskot

Produksjonstilskot

Søknadsfristane for 2017 er 15. mai og 15. oktober. 

For meir informasjon ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen, eller sjå nettsidene til Statens Landbruksforvaltning.

Informasjonsskriv om nytt søknadssystem 2017

Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket.

Regionalt miljøtilskot

Regionalt miljøtilskot

Regionalt miljøtilskot er ei årleg tilskotsordning med søknadsfrist 20.september, og søknadsskjema sendast til kommunen der føretakets driftssenter ligg.

For meir informasjon ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen.

SMIL - særskilte miljøtiltak i landbruket

SMIL - særskilte miljøtiltak i landbruket

Frist for å søkje tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er 1. april og 1. oktober  kvart år. 
Ein kan søkje om støtte til tiltak for å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet, t.d. rydding av beite og istandsetting av gamle bygningar, til gjennomføring av tiltak som tek vare på spesielle artar i kulturlandskapet eller til prosjekt som gjer kulturlandskapet meir tilgjengeleg for alle.

Det kan òg gjevast tilskot til gjennomføring av prosjekt for å redusere forureininga frå jordbruket. Omsøkt tiltak skal gå ut over det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift.  

Det er eige søknadsskjema for SMIL. Det er viktig å leggje ved kart, foto og kostnadsoverslag.

Søknadsskjema finn du på Statens landbruksforvaltning sine sider

Ferdig utfylt søknad med vedlegg sender du til kommunen der tiltaket skal gjennomførast.  

Ta gjerne kontakt med Ål kommune, tlf. 320 85 000, for meir informasjon om SMIL.
SMIL- ansvarleg er Ingvild Sundgot

Tilskot til skogpleie 2015

Har du utført markberedning, ungskogpleie eller fyrstegangstynning?

Tilskotssatsar:

  • Markberedning: 75 kr/daa.
  • Ungskogpleie: 125 kr/daa
  • Førstegangstynning: 25 kr/m3 

Ta kontakt med Ragnar Haga så raskt som mogeleg.
Telefon 320 85 084 eller e-post ragnar.haga@aal.kommune.no

 

Tilskot til skogsvegar

Fram til og med 2012 ga Ål kommune årlege tilskot til drift og vedlikehald av private gards- og grendevegar og til private fjellvegar. I samband med innføring av ei rekke sparetiltak på tilsaman 20 millionar kroner for budsjett 2013 og økonomiplan 2013-2016, vedtok Ål kommunestyre i sak 108/12 at tilskota til private vegar vart borte frå og med 2013.

Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK-midlar)

Hallingskog har utarbeidd tilskotsordningar innan skogbruk som er felles for heile Hallingdal. Tilskot vert utbetalt fortløpande etter innlevert dokumentasjon på at tiltak er gjennomført.

Utfrå lokale prioriteringar og tilpasningar vert det gjeve tilskot til:

  • Skogkultur  
  • Miljøtiltak i skog 
  • Prosjekt for å utvikle skogbruket lokalt/regionalt

Føremål
Økonomiske verkemiddel for å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, på produksjon, skjøtseltiltak, avvirkning.

Målgruppe
Skogeigarar i Ål kommune.

Ungskogpleie/ avstandsregulering/lauvrydding: kr 100/ daa. Forløpande utbetaling av tilskot etter dokumentasjon.

Skogfond med skattefordel ( 85 % ) kan nyttast til å dekke eigenandel etter tilskot på investeringar i skogkultur. Dette gjeld og eige arbeid.

Skogbrukssjefen kan gje generell rettleiing og informasjon om det offentlege verkemiddelapparatet.

Drenering/grøfting av jordbruksjord – tilskot

For å auke produksjonsevna til jorda, er god drenering avgjerande. Grøfting er óg viktig for å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer faren for overflateavrenning til vassdrag og bidreg på den måten til betre vasskvalitet og eit betre miljø.

Er dette interessant for deg? Ål kommune oppmodar deg om å søkje tilskot til grøfting. Ta gjerne kontakt med Åsne Brattåker Håheim, Utviklingsavdelinga, dersom du lurer på noko. abh@aal.kommune.no, 32 08 50 08.

Link til meir informasjon og søknadsskjemaet Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord finn du her: https://www.slf.dep.no/no/miljo-og-okologisk/drenering/hvordan-soke/skjema

Utfylt skjema saman med kart skal sendast til Ål kommune. Kartet skal ha forklaring og innteikna grøfter. Ingen søknadsfrist.