Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Natur og miljø

Bandtvang

For generelle reglar kring bandtvang for hund, gjeld Hundeloven.
I tillegg til Hundelova har Ål kommune vedteke Forskrift om hundehald i Ål kommune.

Hugs bandtvang i maskinpreparerte løyper heile skisesongen.

 

Biologisk mangfald

Om lag 150 verdfulle naturområde i Ål er avmerkt på kart. Det kan vera artsrike blomeengar, rike myrar, styvingstre, hekkeplassar osv. Kartet finn du i Miljødirektoratet sin Naturbase. Opplysningar som ikkje er offentlege er ikkje tilgjengeleg i basen.

Smalfrøstjerne
Ål kommune har fått i oppdrag å ta særkilt vare på denne raudlistearten. Smalfrøstjerne er knytt til turr slåtteeng og beitemark og er i sterk tilbakegang.

Tilstandsvurdering av kulturlandskap Buskerud og Telemark

Norsk institutt for bioøkonomi har hatt eit prosjekt: «Tilstandsvurdering av kulturlandskap i Telemark og Buskerud»
Her finn du resultata frå dette prosjektet

Bålforbod

Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føre til brann.
Det er eit generelt bålforbod i Noreg i perioden 15.april - 15.september 

I denne perioden er det ikkje tillatt å tenne bål i skog og mark utan løyve frå den lokale brannsjefen.
Slikt løyve kan du innhente ved å ringe: 04110 
Tlf.nr. til døgnbemanna brannvakt: 90 79 07 99

Dyrevernnemnda 2013 - 2016

Dyrevernnemnda er underlagt Mattilsynet DK Hallingdal, tlf. 320 23 800.
Bekymringsmeldingar kan også sendast inn på “Varsle oss” på Mattilsynet si heimeside 

Det er sjølvsagt også mogeleg å ta direktekontakt med medlemmane:

  • Halvor Gauteplass, Skurdalen
  • Jorunn Teksle Gurigard, Leveld
  • Signe Hovden, Gol

Friluftsliv i Ål

Ål kommune har dei seinare åra gjort mykje for å leggje til rette for eit godt friluftsliv både i sentrum og på fjellet. Mellom anna er det opparbeidd 280 km merka skiløyper, 150 km merka turstigar, 25 km av "sykkelveg 7" som går gjennom Hallingdal og omlag 10 km rydda og merka fiskestigar, dette for å nevne noko.

At Ål kommune er ein kommune som vektlegg miljø og friluftsliv i stor grad, går og fram i Kommuneplanens langsiktige del, der det mellom anna står at "Alle i bygda skal ha gode og allsidige høve til fysisk aktivitet som mosjon, friluftsliv og idrett for å sikre helse og trivsel." Det er ikkje berre kommunen gjennom dei tilsette som har jobba for at tilhøva ligg til rette slik som dei gjer i dag. Også barn og unge har gjennom skulene og barnehagane delteke aktivt. Mellom anna har dei vore med på å utarbeide temakartet "Grøne verdiar", som tek for seg friluftsliv, rekreasjon, kultur, natur, og område som vert brukt av barn og unge. Kommuneplanutvalet har vedteke at ein ved planlegging av nye utbyggingsprosjekt i sentrum skal gjera miljøkonsekvensvurderingar i høve til dei tema og element som er teikna inn på dette kartet.

I tillegg til temakartet har skulene og barnehagane også gjennomført prosjektet "Opplev Ål gjennom barneauge", som ein start på auka satsing innan friluftsliv og miljølære.

Her finn du lenke til meir informasjon om friluftsliv i Ål kommune

Her finn du lenke til Skisporet.no

Gaupesporing

I det nasjonale overvakingsprogrammet for store rovdyr skal Statens naturoppsyn (SNO) registrere spor etter gaupe. Registreringa skal foregå fram til utgangen av februar. Observasjonane gjeld forttrinnsvis spor etter familiegrupper av gaupe.  

I  dette arbeidet er forvaltninga heilt avhengig av at folk melder frå til SNO’s lokale rovviltkontaktar når de finn spor etter gaupe.  

Dersom ein treffer spor etter fleire gauper, så bør dette straks meldast  til den lokale rovviltkontakten. Rovviltkontakten vil då foreta feltkontroll og vurdere om det er ein gaupefamilie som har vore på vandring.

Rovviltkontakt for Ål er:

Hans Vidar Nestegard, Hol
Telefon: 320 88 138
Mobil:    90 18 81 38

Ta kontakt ved mistanke om skade.

Gaupene går ofte i spora til kvarandre. Det kan derfor sjå ut som det berre har vore eitt dyr som har gått der sjølv om det er ein heil familie. Men dei ”splitter seg” og går ved sida av kvarandre innimellom. Ved å følge sporet over lengre avstand kan det dokumenterast om det er ei familiegruppe eller ikkje. 

Kompostering av hushaldningsavfall

Du får 25% lågare renovasjonsavgift viss du komposterer kjøkkenavfallet ditt. Krava for å få rabatt er at du har godkjent isolert kompostbinge, har delteke på kurs, har underteikna avtale med Ål kommune og komposterer alt matavfallet ditt sjølv.

Viss du vil bygge kompostbingen sjølv, kan du laste ned arbeidsteikningar her

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Dersom du har behov for å køyre snøskuter i Ål kommune, må du i dei fleste tilfelle søkje om løyve.

Sektorutval for teknisk, næring og ressurs (STNR) vedtek framlegg til retningsliner for handsaming av søknad om snøskuterløyve datert 12.10.15 med følgjande presiseringar:
  • I LNF villreinområde er perioden for løyva 15. desember til og med 30. april.
  • Det skal vera høve til å kunne søkje om å køyre opp skiløyper frå eksisterande hytteområder (som ligg meir enn 1 km frå løypenettet) for å kople seg på eksisterande løypenett. Desse eventuelle traseane må verte godkjente av grunneigar og kommune og liggje utanom LNF-villreinområde. 
STNR delegerer til rådmannen å handsame alle søknadar i samsvar med desse retningslinene. Unnataket er søknadar etter §6 der dei nasjonale forskriftene krev politisk handsaming. Søknadar om løyve til å bruke snøskuter vert handsama etter "Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag", Nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.
Det er høve til slik køyring utan særskilt løyve:
  • Køyring i samband med politi-og ambulanseoppdrag
  • Oppsynsverksemd med heimel i lov
  • Naudsynt person og godstransport i jord-og skogbruksnæring. (Gardsløyve)
  • Naudsynt transport i samband med gyldig byggjeløyve
  • Naudsynt transport for drift av turistanlegg som ikkje ligg ved brøyta veg
  • Naudsynt transport av ved frå eigen eigedom til fast bustad.
For desse køyreformåla treng du ikkje søkje kommunen om løyve.
Køyring du må søkje om løyve til er:

§ 5.a) Leigekøyring. Fastbuande som treng attåtnæring, kan søkje om løyve til å ta på seg følgjande transportoppdrag for andre:
  • Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte.
  • Tilsyn med privat hytte på oppdrag av eigar.
  • Transport for massemedia på reportasjeoppdrag.
  • Transport for funksjonshemma.
  • Transport av ved.
  • Transport som det er gjeve løyve til etter § 6 ( Sjå under).
§ 5.b) Køyring for funksjonshemma.Gjeld køyring med eigen snøscooter for varig funksjonshemma personar. Legeattest skal sendast inn ved søknad om løyve. (Løyve vert gjeve for 5 år om gongen)
§ 5.c) Transport til eigen hytte. Eigar av hytte for transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå brøyta bilveg, når det i området ikkje er høve til leigekøyring. I Ål kommune er leigekøyringstilbodet så godt utbygd at det som regel ikkje vert gjeve slike løyver.
§ 5.d) Køyring i utmarksnæring for fastbuande. Døme på slike løyver er transport til eigne utleigehytter. Løyvet vert gjeve for 5 år om gongen.
§ 5.e) Transport av ved. Løyve gjeld transport i samband med kjøp av "ved på rot" og blir gjeve for eit avgrensa tal turar kvart år, med krav om å sende inn køyrerapport ved søknad om fornying av løyvet.
§ 5.f) Gruppeturar for bebuarar på helse- og omsorgsinstitusjonar, medlemmer av pensjonistforening eller forflytningshemma. Løyve gjeld berre langs faste trasear og viss køyringa skjer i regi av helse- og omsorgsinstitusjonar eller ideell organisasjon.
§ 6. Andre unnatak. D.v.s. hvis den som søkjer har særskild trong for snøscootertransport som ikkje knyter seg til turkøyring, og som ikkje kan verta dekt på anna måte. Løyvet vert gjeve for 1-10 turar om gongen, med krav om å sende inn køyrerapport (oversikt over tidspunkt og strekning for kvar tur).
Områder i Ål med særskilde reglar:
  • All motorisert ferdsel i Reineskarvet sameige er forbode.
  • Motorisert ferdsel i verneområda Fødalen landskapsvernområde og Tuftelia skogreservat krev særskild løyve.
  • I LNF villreinområde (delar av fjellområda i Ål som er viktige vinterbeiteområde for villrein, jfr. kommuneplankartet for Ål) er køyring normalt berre tillate i perioden 15.12-30.4.
Godkjende køyreformål i desse områda er leigekøyring, køyring til eigne utleigehytter og handverkaroppdrag som ikkje kan skje på anna tid av året.
Andre tidsrom eller køyreformål krev godkjenning frå villreinutval/villreinnemnd.
* Løypekøyring:
Fast oppmerka ski-transportsleper skal vera godkjende av kommuna. Før kommuna gjev løyve må det føreliggje skriftleg godkjenning frå grunneigarar. I LNF villreinområde kan sesongen avgrensast f.o.m. vinterferien t.o.m. påskeferien.
Om gardsløyver:
I samband med utøving av jordbruk og skogbruk er det tillate å frakte personar og varer. Det må dreie seg om reell næringsmessig verksemd, mellom anna må drifta vera knytt til ein eigedom på minimum 5 dekar innmark eller 25 dekar produktiv skog. Det er berre køyring som er nødvendig i næring som er tillat.
Om ein nyttar medhjelpar i jord- og skogbruk må det dreie seg om eit reelt, dokumenterbart arbeidsforhold. Drift av utleigehytter, jakt, fangst, fiske og bærsanking vert ikkje rekna som jordbruksnæring i denne samanhang.
Ål kommune skriv ikkje ut løyvesedlar til jord- og skogbruksnæring/ gardsløyver. Du er sjølv ansvarleg for å ha med nødvendig dokumentasjon på ditt ærend samt legitimasjon. Utskrift av gardskart kan vere dokumentasjon på kvar du har lov å køyre. Om du må krysse annan manns grunn for å kome på ditt utmarksområde, er dette noko du må få lov til av den einskilde grunneigar.
Publikum sine rettar:
Du får vurdert søknaden etter gjeldande regelverk, og får attende eit grunngjeve svar om søknaden er innvilga eller ikkje. Dersom den ikkje vert innvilga, vil du ofte få melding om det går an å få leigd snøscootertransport.Ved misleghald av løyver, eller dersom føresetnadane for løyvet fell bort, kan dispensasjonen dragast inn med ein gong.
Søknadsfrist:
1,5 månadar før køyring skal skje, eller når det vert utlyst på annan måte.
Sakshandsamingstid/svartid:
Me har sett ein frist på 1,5 månadar. Dette for å få nok tid hvis søknaden må opp til politisk handsaming. (Sektorutval for teknisk, næring og ressurs.)
Framgangsmåte for søknad:
Fyll ut eige søknadsskjema, merk av på eige kart den traseen du søkjer for og send desse til Ål kommune.
Du finn søknadsskjema og kart lengre ned på sida. No kan du og søkje elektronisk.
Klagerett/framgangsmåte ved klage:
Du kan klage på eit vedtak. Klaga må vera skriftleg og den må sendast til Ål kommune seinast 3 veker etter at melding om vedtak er motteke. Dersom Ål kommune ikkje ser at det er nye moment i saka som gjer at det bør fattast eit anna, eller endra vedtak, vert klaga automatisk sendt til fylkesmannen i Buskerud, som tek endeleg avgjerd i saka.
Sakshandsamingstid er sett til 1-3 månader etter at klaga er motteke hjå oss. Tida vil variere i høve til tidspunkt for møte i hovudutval for næring og ressurs, og om saka må opp til handsaming hjå Fylkesmannen.
Publikum/brukar sine plikter:
Publikum må oppgje navn, adresse, registreringsnummer på snøskuter, køyrestrekning ( innteikna på kart ), formål med køyringa og tidsrom for når køyringa skal skje.
Dersom løyve vert gjeve, pliktar løyvehavar å:
  • feste det tildelte nummermerket på vindskjermen
  • ha med løyveseddelen og kartet med køyrestrekning under køyring.
  • varsle om endringar t.d. nytt registreringsnummer.
  • følgje fast oppkøyrde/merka transportsleper så langt det er mogleg.
  • ta særskild omsyn til villrein sine trekkvegar og beiteområder.
  • I LNF villreinområde er køyring vanlegvis berre tillatt i perioden 15.12-30.4.
Den som har leigekøyringsløyve pliktar å ha med køyreskjema der alle oppdrag skal førast inn. Kopi av dette skjema vert å sende inn til Ål kommune innan 1.juni kvart år.
Dersom køyrelistene ikkje vert sendt inn, vert løyvet trekt attende.
Pris:
Gratis
Fleire opplysningar:
Fleire opplysningar får du ved å lesa Miljøverndepartementet sitt rundskriv 

Rundskriv T-6/09

Søknadsskjema snøskuterløyve - elektronisk

Søknadsskjema - PDF

Kart Bergsjø 

Kart Iungsdalen 

Kart Lysebotn - Reineskarvet

Kart Votndalsåsen 

Kart Øvre Ål 

Kart Opheim og Torpo 

Kart Veståsen 

Kart Sangefjell 

Kart Veståsen og Sangefjell 

Køyreliste

Oversikt over leigekøyrarar i Ål

 

Endringar i nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark

Endringane gjeld adgang til næringskøyring, gruppeturar med snøskuter og kommunalt organiserte akuttiltak for å redusere risiko for påkjørsel av elg og anna hjortevilt, ved veg eller jernbane.

I rundskriv T-6/09 gjer Miljøverndepartementet greie for endringane og gjer samtidig greie for retningsliner og prinsipper i naturmangfoldloven som får betydning for lovtolkning og skjønnsutøvelse i forvaltninga av motorferdsellova med forskrifter.

Endringane trådte i kraft 1. juli 2009.

Forskrift om endring i forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagt vassdrag

Landing med luftfartøy

Etter søknad kan det gjevast løyve til landing på andre stader enn på dei store vatna i Ål der det er tillatt (sjå under).

Det er lov å lande og starte på følgjande vatn i Ål:

  • Rødungen (sør)
  • Stolsvassmagasinet i Djup
  • Rødungen (nord)
  • Strandafjorden (unnateke øvste 1/3 del, dvs nærmast Kleivi)
  • Flævatn/Gyrinosvatnet
  • Vatsfjorden
  • Bergsjøen
  • Tingvollfjorden

Kommunestyrevedtak august 1988 (k-sak 103/88)

Bruk av motorbåt

Hovudregelen er at det er tillatt med motorfartøy på vatn større enn 2 km2.

Grunneigar, rettighetshavar og leigar av fiskerett har i samband med garnfiske høve til å nytte motorfartøy på vatn mindre enn 2 km2.

Grunneigar/grunneigarlag kan vedta eigne reglar som er strengare enn hovudregelen som går fram av forskrifta vedteke av Ål kommunestyre 25. aug 1988.

I øvste tredjedel av Strandafjorden (nærmast Kleivi) er det ikkje tillatt å nytte motorfartøy.

Viltnemnda i Ål kommune

Leiar: Ove Flatland 916 78 244 eller 3208 3442
Einar Lauvang 992 63 310
Knut Birger Rust 976 82 933 
Gry Kopperud 930 13 355
Ragnhild Havardsgard 928 32 637 

Registreringsskjema påkøyrsel av vilt.pdf