Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Næring og etablering

Forskning og utvikling

Torpomoen er ein sentral kurs- og treningsarena for blant anna politi, ambulanse, brann og luftambulanse både lokalt og regionalt. I 2012 vart det satt opp eit kontorbygg på Torpomoen der ein finn fleire bedrifter innan fagfelta helse, miljø, sikkerheit og beredskap. I andre etasje i dette bygget leiger Ål kommune ein eigen fløy der det er etablert eit eige kontrofellesskap. I utgangspunktet har dette eit Helse- og Omsorgsfokus, men det er eit mål at både bedrifter, akademia og offentlege i alle bransjar med HMSb-fokus, etablerar seg på Torpomoen.

Prosjektet med kontorfellesskapet er regionalt og det er ei målsetting at miljøet på Torpomoen har eit klart Hallingdalspreg. Sjølv om basis i starten blir forsking og utvikling knytt til helse, er det intensjonen at hagen skal utviklast til å femne om fleire fagfelt.


Kontaktperson, næringsutviklar Kristian Kvistad Holm

Utviklingsselskap under etablering, prosjektleiar Jørun Li tlf: 90974886, e-post: Jorund.Li@aal.kommune.no

Hallingdal Etablerersenter

Papirbredden Innovasjon

 

Kleivi Næringspark

Lenke til Kleivi Næringspark

Nyetablering

Vil du starte eigen bedrift?  Brenn du for ein idé, men treng hjelp til realisering?

I Ål kommune er det ein næringsutviklar og eit servicetorg som skal kunne hjelpe deg. Du treng ikkje å ha alle sider ved forretningsplanen klar, men du må ha nokre tankar om korleis du ser for deg idéutviklinga. Ål Kommune skal kunne gje deg rettleiing og  råd heilt frå starten av.


Å starte ei bedrift krev planlegging. Det er mange spørsmål å ta standpunkt til og mange vurderingar må gjerast.   
Ål kommune jaktar spesielt på dei personane og forretningsideane som er nyskapande og som har eit vekstpotensiale. 


Vår beste samarbeidspartnar ved ei bedriftsetablering er Hallingdal Etablerarsenter. Dette er i etablerarstøtte som er eigd av kommunane i Hallingdal og er gratis. Denne tenesta er og påkrevd om det skal søkast om etablerartilskot mv.
Les meir om etablerarsenteret på deira nettstad:
(http://www.hallingdal-etablerersenter.no/)

Næringsareal

Ål kommune ynskjer å stimulere til næringsutvikling. Me har tilgjengeleg næringsareal nær sentrum og på attraktive tomter til konkurransedyktige prisar.

I Ål skal det til ei kvar tid finnast næringsareal til dei bedrifter som har behov for dette. Det skal vera samsvar mellom det å satse på nyetablering eller utvikling av etablert bedrift, og ledig næringsareal.
Ål kommune har inngått eit samarbeid med Torpomoen for å utvikle eit kontorfelleskap/FoU-miljø.

For informasjon om ledig kontor og forretningslokale, ta kontakt med næringsutviklar
Kristian Kvistad Holm Tlf: 99 71 14 92

Kommunale tomter:
Oppsjøtippen næringsområde:
Ta kontakt med næringsutviklar Kristian Kvistad Holm, Tlf: 320 85 070 / 99 71 14 92

Kleivi næringspark
Ta kontakt med dagleg leiar Kristian Kvistad Holm, Tlf: 46 93 99 84

Anna næringsareal:
Arealdelen av kommuneplanen for Ål viser kva som er sett av til næringsareal.

Profil - Omdømmebygging

ÅL KOMMUNE PROFIL 2010-2030
"KULTURKOMMUNEN ÅL"

Ål byggjer profilen sin kring kultur og helse

 

Det er laga ein plan for profil og omdømmebygging for Ål. Denne planen vart vedteke i kommunestyret 23. Juni 2010.

Planen finn du her: Plan for profil og omdømmebygging i Ål 2010-2030

Denne planen er eit resultat av eit prosjekt eigd av Ål kommune og næringslivet,  der målet var å utarbeide ein langsiktig strategi for  omdømmearbeidet i Ål.

Salsløyve

Ordinære daglegvareforretningar kan etter søknad få innvilga løyve til sal av alkoholhaldige varer med inntil 4,7 vol% alkohol.
Salsløyve gjev løyvehavar rett til å selje alkoholhaldig drikk etter gjeldande vedtak og etter vilkår sett i alkohollova.
Salsløyvet gjeld for ein periode på inntil 4 år.

Salsstyrar og vikar for styrar

For kvart løyve skal det utpeikast styrar og vikar for styrar. Styrar og vikar for styrar skal godkjennast av løyvegjevar.
Styrar og vikar for styrar må vere tilsette ved salsstaden eller arbeide i verksemda i kraft av eigarstilling.
Det er krav om at styrar og vikar for styrar har avlagd og greidd kunnskapsprøven om alkohol.
Kommunen skal sikre at alkoholhaldig drikk vert selt etter vilkår sett i alkohollova og etter vedtekne kommunale alkoholpolitiske retningsliner.

Kontaktinformasjon: Sakshandsamar Kari Flatland, tlf: 320 85 000, Ål kommune, Servicetorget

Alkoholloven

Alkoholforskrift

Alkoholpolitiske retningsliner

Søknadsskjema blankett

Søknad om salsløyve for alkohol, elektronisk

Rettleiing til søknad om salsløyve

Serveringsløyve

Alle som vil gjere næring av å drive ein serveringsstad må ha serveringsløyve gjeve av kommunen, jf serveringslova § 3.

Med serveringsstad meiner ein stader der det foregår servering av mat og drikke, og der tilhøva ligg til rette for fortæring på staden, jf § 2. Døme på serveringsstader er kafè, kafeteria, restaurant eller gatekjøkken.

Det er den einskilde serveringsstad som er ansvarleg for å ha serveringsløyve.

Beskrivelse
Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstader der det skal vere servering av mat og/eller drikke, og der tilhøva ligg til rette for servering av mat og drikke på staden.

Målgruppe
Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i samband med næring.

Vilkår
Den daglege leiaren på serveringsstaden må ha avlagt etablerarprøva for å dokumentere naudsynte kunnskapar om økonomistyring og om viktig lovgjeving for drift av serveringsstadar.

Det blir henta uttale frå lensmann og skatteetaten om oppfylling av krava til god vandel for den som søkjer løyve, og for dagleg leiar. Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå blant anna Mattilsynet og frå dei kommunale bygningskontora for å kunne drive serveringsverksemd. 

Det må leggast fram skatteattest for den som skal drive serveringsstaden.

Samarbeidspartnere

  • Lensmann/politi 
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene 
  • Tollmyndigheitene 
  • Mattilsynet 
  • Arbeidstilsynet
  • Lensmann
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene 
  • Mattilsynet 

Lover

Det krevst skriftleg søknad. Søknaden skal innehalde bl.a følgjande opplysningar:

  • Namn og adresse på den som er ansvarleg for dei økonomiske og juridiske pliktene knytta til drifta av verksemda. Dersom serveringsstaden er driven av eit enkeltpersonsføretak, skal det også opplysast om fødselsnummer. Dersom serverigsstaden er driven av eit selskap, skal det opplysast om organisasjonsnummer. Det skal i tillegg opplysast om eigarsamansetjinga. 
  • Opplysningar om den staden der serveringa skal drivast 
  • Namn og adresse på styrar.
  • Skatteattest for den personen som har dei økonomiske pliktane for drifta av serveringsstaden

Vedlegg til søknad:

Dokumentasjon på at etablerarprøva er gjennomført, firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret. Endringar i løyvet kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar, endringar i driftskonseptet eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendast til kommunen.

Søknadsskjema

Søknad om serveringsløyve - elektronisk

  • Klage på vedtaket skal sendast innan en frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
  • Klagen skal sendas til den instansen som har gjort vedtaket.  I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for det.
  • Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag blir saka sendt til Fylkesmannen for behandling. 

Kontaktinformasjon: Sakahandsamar er Kari Flatland, Tlf: 321 85 000, Ål kommune, Servicetorget

Skjenkeløyve

Jfr. §1-7 i Alkohollova blir løyve til salg og skjenking av alkohol gjeve av kommunen.

Det kan søkjast på elektronisk eller manuelt skjema.  

Fast skjenkeløyve Løyvet gjeld for serveringsstader og pubar der det skal skjenkast alkoholhaldig drikk. Det kan søkjast om løyve i gruppe 1, 2 og 3. Skjenkeløyvet blir behandla av formannskapet og søknaden blir sendt til uttale hjå lensmannen og skattemyndighetene og helse og soialutvalet i kommunen.  

Ved tildeling av skjenkeløyve skal det oppnemnast ein styrar og ein stedsfortreder. Styrar må vere tilsett i bedrifta eller ha ein vesentleg del av inntektene frå drifta i form av eigarstilling. Kunnskapsprøve om alkohollovgjevinga må vere bestått av styrar og stedsfortreder.

Søknad om skjenkeløyve - elektronisk

Søknad om skjenkeløyve. 

Ambulerande skjenkeløyve. Skal du feire bryllup, ha eit jubileum etc. og leiger lokale som ikkje har fast skjenkeløyve, må du søkje om ambulerande skjenkeløyve til slutta selskap. Det må vere ein ansvarleg skjenkestyrar. Det er ikkje krav om kunnskapsprøve for skjenkestyrar. Søknadsfristen er seinast 1 veke før arrangementet.
Gebyr: kr. 300,-.

Retningsliner for søknad om ambulerande skjenkeløyve for slutta selskap.
I alkoholloven § 4-2 står fylgjande:
Med "slutta selskap" forstår ein at det allereie før skjenkingen startar er danna ein slutta krets av bestemte personar som skal samlast for eit bestemt formål i eit bestemt lokale på skjenkestaden.

Løyvehavar er ansvarleg for at skjenking av alkoholhaldig drikk føregår på ein slik måte at reglane i gjeldande lov og forskrift vert overhalde, og at alkoholpolitiske hensyn vert ivareteke.

Løyvehavar må fyrst og fremst påsjå at det ikkje vert skjenka alkoholhaldig drikk til for unge og/eller synleg rusa personar, og at det ikkje vert skjenka ut over tillatt skjenketid slik denne er fastsett i løyvet.

Desse reglane gjeld for skjenkinga:

  • Skjenking av brennevin til person under 20 år og skjenking til person under 18 år av annan alkoholhaldig drikk, inkludert lettøl og lettvin, må ikkje skje.
  • Dei same aldersgrensene gjeld for den som er skjenkestyrar.
  • Alkoholhaldig drikk må ikkje skjenkast til synleg rusa person eller på ein slik måte at ein gjest må antas å bli synleg rusa.
  • Ein må påsjå at gjester ikkje nyt medbrakt alkoholvare, og at dei ikkje tek med seg alkoholvarer når dei forlet skjenkelokalet.
  • Løyvehavar pliktar å ha kontroll med all bruk av alkohol i det arrangementet løyvet gjeld for.

Dei kommunale skjenkekontrollørane kan føreta kontroll ved uanmeldt besøk. Kontrollørane vil forevise legitimasjon utgjeve av Ål kommune, og dei kan opphalde seg i skjenkelokalet så lenge dette er naudsynt for å observere om det finn stad brudd på skjenkereglane.

Skjenketid:
Ål kommunestyre vedtok i kommunestyresak nr. 54/04 at generell skjenketid for øl, vin og brennevin vert sett inntil kl 02.00.

Søknad om ambulerande skjenkeløyve. 

Skjenkeløyve for eit einskild arrangement. Det kan søkjast skjenkeløyve til eit einskild arrangement. Dette kan vere dansefestar, konsertar og lignende  i lokaler som ikkje har fast skjenkelyve. Det blir stilt krav om godt vakthald i samband med arrangementet og at det blir gjeve god intern opplæring til dei tilsette/vaktselskapet i forhold til alkollova.
Gebyr: kr. 1.000,-

Søknad om skjenkeløyve for eit einskild arrangement. 

Lovverk som gjeld:

Alkoholpolitiske retningsliner

Ruspolitisk handlingsplan for Ål kommune
Alkoholloven  

Kunnskapsprøva

Kontaktinformasjon: Sakshandsamar er Kari Flatland, Tlf: 320 85 000, Ål kommune, Servicetorget

Starte og drive bedrift?

Lenke til altinn.no

Strategisk Næringsplan for Ål 2017-2020

Strategisk næringsplan (SNP) skal vera eit styringsverktøy for ein heilskapleg næringspolitikk.
Den skal vera retningsgjevande for dei prioriteringar kommunen gjer i planperioden.
Planen skal gje aktørane innan næringslivet signal om kva satsingsområdekommunen vektlegg spesielt.

Næringslivet er med å leggja basis for SNP gjennom fleire høyringsrundar. Ål kommune definerer si rolle til å vera med å leggja til rette for utvikling på dei områda som er vedteke i denne planen. Dette vert gjennom økonomisk støtte, rådgjeving om anna finansiering, god sakshandsaming og gode plan- og rammeverk.

Strategisk næringsplan 2017-2020.pdf

 

Torpomoen

Lenke til Torpomoen.no

 

Utviklingsavdelinga

Utviklingsavdelinga i Ål kommune finn du på Tingstugu. Ver snill og ta kontakt med servicetorget for hjelp og informasjon og eventuell timeavtale med medarbeidarerane i utviklingsavdelinga.

Hovudoppgåvene til avdelinga er mellom anna:

  • Rådgjeving og forvalting innan næringsutvikling, jord- og skogbruk, viltstell, fiskestell, friluftsliv, kulturlandskap, planlegging, miljøvern, folkehelse, byggesak, kart og oppmåling
  • Forvalting av kommunale næringsfond
  • Handsaming av søknadar om tilskot, deling, konsesjon, bu- og driveplikt mm
  • Utviklingsprosjekt innan næringsutvikling, busetjing og miljøvern
  • Næringsareal
  • Sekretariat for vilt- og innlandsfiskenemnda, for sektorutval for teknisk, næring og ressurs, for formannskapet i næringssaker og for kommuneplanutvalet
  • Overordna planlegging og arealplanlegging
  • Reguleringsplanar og utbyggingsplanar
  • Byggesakshandsaming
  • Kartverk og oppmåling
  • Handsaming av søknadar om motorferdsel i utmark
  • Utvikling av næringsliv
  • Samfunnsutvikling

 

Votnakraft

For bebuarar i Votnadalføret.

Utdrag av reglar for tildeling av votnakraft:

  1. Votnakrafta er 300 KW gratiskraft til "Votnadalens beboere". Omrekna til full brukstid: 2.628.000 kwt. Denne krafta skal delast på det antal høvestal som gjeld pr. 1. oktober kvart år.
    Abonnenten får godskrive på straumrekninga si - heile grunnavgifta - verdien av dei kwt. som er tildelt vedkomande - mva på dette. frårekna administrasjonsutgifter til kommunen med 1/6-part. El.avgifta og mva. på denne blir ikkje refundert.

  2. Votnakraft kan - etter søknad- tildelast fastbuande folk på særskilt matrikulert eigedom i Votnadalføret. Krafta skal inndragast når fast busetnad opphøyrer og ved eigar/brukarskifte. Det blir ikkje tildelt Votnakraft til meir enn ein søkjar på kvar matrikulerte eigedom (kvart gnr. og bnr.) Ein må vera straumabonnent i Ål Kraftverk/Hallingkraft for å få Votnakraft. Med fastbuande er meint at vedkomande må vera registrert med eigedomen som si fastadresse i Hallingdal folkeregister.

  3. Delinga skjer etter fastsette reglar om høvestal, varierande frå 2 og oppover. Det blir m.a. teke omsyn til om vedk. eigedom har strandrett til elva Votna, om vedk. har "salgskraft" m.v.
  4. Kommunestyret vel for kvar valbolk eit styre for Votnakrafta. Styret har 5 medlemer. Tre av dei skal vera frå Votnadalføret ( ein frå kvar av grendne Vats, Leveld og Votndalen). Det er klagerett til formannskapet over dei avgjerder Votnakraftstyret har gjort. Eit mindretal i Votnakraftstyret kan dessutan krevje ei sak lagt fram for formannskapet. Ål Kraftverk KF er sekretariat for styret.

Votnakraftstyret er for perioden 2011 - 2015: 

Ordførar, Varaordførar, Ole Tor Oleivsgard, Inger Elise Kaslegard og Astrid Rystad Ødelien.

Søknadsskjema finn du her

Søknad om Votnakraft  vert sendt til:
Votnakraftstyret v/ Ål Kraftverk KF, Tingstugu, 3570 Ål

Ål kraftverk

Ål Kraftverk KF har ei historie som går attende til 1914. Ål Kraftverk KF er heileigd av Ål kommune.
Kraftverket har ein liten kraftstasjon som produserer ca. 13 GWh (millionar kWh) ved Ylifossen i Gullhagen industriområde.

Ellers har kraftverket rettar ved:
- Erstatningskraft for tapt kraftproduksjon ved bygginga av Nes Kraftverk
- Rettar frå Uste/Nes-utbygginga.
- Konsesjonskraft frå kraftverk i Hallingdal.
 
Tilsaman har kraftverket rett på ca. 230 GWh elektrisk energi. Omlag 100 GWh vert seld til abonnentar i Ål kommune. Resten vert seld i engrosmarknaden for kraft.
Overskotet av salet går til eigaren Ål kommune, som set pengane inn på eit utbyggingsfond. M.a. er Kulturhuset i Ål - og fleire andre anlegg - bygd med pengar frå dette fondet.
Informasjon om ny prissetjing
Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK)
Informasjon frå Ål kraftverk

Ål som hyttekommune

Ål kommune har ca. 2400 fritidsbustader av ulike slag (frittstående hytter, leiligheiter, gamle seterhus etc.). Bygging og bruk av fritidsbustadar er eit viktig bidrag til næringslivet i Ål. Det er difor av vesentlig betydning for kommunen å ha eit godt førehald til dei som har fritidsbustad i kommunen. 
På denne nettstaden vil kommunen ha informasjon, linkar etc. som kan vera interessant å få med seg.

Les meir på Ål utvikling sine sider, http://www.al.no/

Hytteundersøking 2008, finn du her i pdf utgåve
For meir informasjon ta kontakt med servicetorget, eller Ål utvikling