Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kart og oppmåling

Sida er under oppbygging og er ikkje fullstendig enno

Kommunens oppgåver er å sørge for at grensene for grunneigedomar og festegrunn vert nøyaktig merka, målt og kartfesta, og at det vert ført oversiktlege register over grunneigedom og festegrunn og data knytt til desse.

Deling av eigedom

Ny matrikkellov kom 01.01.2010. Det er viktig å setja seg inn i lova i tillegg til kommunas planbestemmelser for eigedomen før ein søkjer om deling. (Servicetorget kan hjelpa deg med å finne rett plan og bestemmelser for eigedomen).

Søknad om deling (Plan- og bygningslova/ Jordlova) vert behandla av byggjesak/landbruk ved Utviklingsavdelinga.
Søknad vert å sende til Ål kommune, Utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 Ål eller pr e-post.

Legg ved søknaden:

  • Søknadsskjema
  • Kartutsnitt i målestokk som ein får hjå Servicetorget, eller ein kan ta det ut sjølv ved å klikke her: Hallingkart
  • Gjenpart av nabovarsel
  • Kopi av skylddelingsforretning/skyldskifte
  • Kopi av festekontrakt
  • Kopi av jordskiftesaker
  • Kopi av målebrev
  • Andre dokument som gjeld saka

Frådeling av parsell frå uregistrert jordsameige

Eit uregistrert jordsameige har areal som fleire eigedomar eig saman. Sameigeteigen har ikkje eige gnr/bnr, men gnr/bnr på alle eigedomane som inngår i sameiget.

Eit registrert jordsameige har areal som fleire eigedomar eig saman. Sameigeteigen har eitt eige gnr/bnr.

Miljøverndepartementet har i prinsipputtale av 22.06.2012 slått fast at det som hovudregel ikkje er høvet til å frådele ny parsell frå eit uregistrert jordsameige. Uregistrerte jordsameiger må vere registrert i matrikkel og i grunnboka, før det kan frådelast nye parsellar.

Når sameiget blir registrert i matrikkelen får sameiget eitt eige gnr/bnr.

For å få registrert sameiget i grunnboka krev tinglysinga at fordelinga av andelane i sameiget verte avklart ved ei rettsleg avgjersle eller ei kjennelse.

Jordskifteretten må kontaktast for å få ei rettsleg avgjersle eller kjennelse på fordelinga av andelane.

Oppmåling av eigedom

Viss du er usikker på kor grensene for din eigedom går eller viss eigedomen var oppretta for mange år sidan, kan du bestille oppmåling av grensene. Slik rekvisisjon av oppmålingsforretning, etter lov om eigedomsregistrering (matrikkellova), vert behandla av oppmålingsingeniørane ved Utviklingsavdelinga. Rekvisisjon vert å sende Ål kommune, Utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 Ål, eller pr e-post.

Rekvisisjon av oppmålingsforretning

Legg ved rekvisisjonen:

  • Kartutsnitt i målestokk som ein får hjå Servicetorget, eller ein kan ta det ut sjølv ved å klikke her: Hallingkart
  • Kopi av skylddelingsforretning/skyldskifte
  • Kopi av festekontrakt
  • Kopi av jordskiftesaker
  • Kopi av målebrev
  • Andre dokument som gjeld saka

Nødvendig nabovarsling vert gjort av kommunen ved innkalling til oppmålingsforretninga.

Skjema i samband med kart, deling og oppmåling

Lovverk

Karttenester

I tettstadene har me digitale kart med 1 m høgdekurver. Resten av kommunen, unnateke dei høgaste fjellområda, er dekt av økonomisk kartverk. Hovudsakleg i målestokk 1: 5000 med 5 m høgdekurver. Desse karta finst òg i rasterformat. I dei høgste fjellområda finst berre karta i serien Norge i 1:50.000. Kommunen har heildekkande eigedomskart der omlag 85% av alle eigedomane er registrerte. Treng du kartutsnitt ta kontakt med Servicetorget.

Turkarta Reineskarvet og Veståsen / Sangefjell, og Tettstadskart over Sundre og Torpo, kan kjøpast hjå Servicetorget og i forretningar i Ål.

Sal av digitale kartdata

Ved sal av digitale kartdata ber me om at du opplyser om utstrekniga av området du ynskjer kartdata over.
Digitale kartdata vert prisa etter eksisterande avtale med Geovekstpartar.
Bestilling av digitale kart gjer du hjå: Torleiv Torgersen, tlf. 32 08 50 72

Kontaktinformasjon

Oppmålingsingeniør Bodil Hallset, tlf. 32 08 50 68

Oppmålingsingeniør Anne-Marit Rusås, tlf. 992 87 860

Byggjesakshandsamar Borgar Underdal, ring servicetorget 32 08 50 00