Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Eigedomsskatt

 
Kommunevåpen ÅL kommune

Eigedomsskatt 2017

Med heimel i eigedomsskatteloven § 15, blir skattelista lagt ut til offentlig ettersyn på Servicetorget i Tingstugu i tida 01.03.-11.04.17.

Detaljert grunnlag om takst og skatt vert tilsendt. Klagefristen er 6 veker frå dette er motteke.
 
Send melding til :postmottak@aal.kommune.no eller Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål

Vedtak:

Det vert innført generell eigedomskatt i Ål kommune med verknad frå og med skatteåret 2017.
Grunnlaget for dette er i eigedomskattelova sin §3, fyrste ledd, bokstav a.

Skatteøyret for 2017 blir generelt sett til 7 promille. Grunnlag i eigedomskattelova sin § 11, fyrste ledd.

Skatteøyret for bustader og fritidsbustader i 2017 er 2 promille.
Grunnlag i eigedomskattelova sin §13 , andre ledd. Denne paragrafen gjeld frå og med 1. januar 2017.

Takstvedtekter for eigedomsskatt i Ål kommune vedteke i kommunestyret den 15.12.2016 skal gjelde for eigedomsskatteåret 2017, jf. esktl. § 10.  

Eigedomskatten blir skriven ut med to terminar.

I samband med utviding av skattegrunnlaget til å gjelde alle eigedommar er det halde ny alminneleg taksering gjeldande frå og med 2017. 

Eigedomsskatt 2017

Lover og forskrifter

Eigedomsskattelova

Forvaltingslova

Informasjonsbrosjyrer

Informasjonsbrosjyre "Melding om eigedomsskatt"

Retting i brosjyra: under 1. Bygningar: øvrige hovudetasjar 0,9 og loft 0,3

Her kan du lese informasjonsbrosjyra som blir sendt ut til alle registrerte eigedomseigarar i Ål kommune.

Brosjyre "Sjekk opplysningar om din eigedom".

Til hyttefolket i Ål kommune.pdf

 

Kva er eigedomsskatt?

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som den enkelte kommune kan skrive ut med heimel i Lov om eiendomsskatt (eigedomskattelova). Etter lova er det kommunestyret som avgjer om det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen.
Med verknad frå 2007 er eigedomsskattelova endra, slik at kommunane kan skrive ut eigedomsskatt på bustader og fritidseigedomar/hytter.
Før 2007 var det kun mogeleg å skrive ut eigedomsskatt på verker og bruk, og/eller områder utbygd på byvis.

Eigedomsskatten er den einaste skatteforma der kommunane kan bestemme og regulere inntektene sine sjølve.

Per 24. juli 2014 var det 341 av kommunane i Noreg som nytta seg av eigedomsskatt. Av desse har 199 kommuner eigedomsskatt i heile kommunen.

Tomter

Enkelte tomter er oppretta før delingslova kom i 1980. I 1990 starta ein arbeid med å etablere eit digitalt eigedomskart (DEK). Dette var forgjengaren til det vi idag kallar Matrikkelen.
Av ulike årsakar er det ein del matrikkeleiningar (eigedomar)som har mangla grenseinformasjon i DEK.

Desse einingane har blitt konvertert over til matrikkelen med ein "åttekant" som ofte blir kalt ein sirkeleigedom. Denne har blitt automatisk generert.
På slike eigedomar stemmer ikkje arealet. Når det gjeld eigedomsskatt på slike eigedomar vil det bli lagt "standardstorleik.


For å få eksakt areal på eigedomen må du rekvirere oppmålingsforretning. Kostnad på dette vil vera individuelt, og ein må pårekne ventetid.

Kva for promillesats er vedteke?

Kommunestyret bestemmer nivået på skatten. Nivået på skatten kan variere frå 2 til 7 promille, og dette vert fastsett i kommunestyret sitt budsjettvedtak. Det same gjeld bruk av eventuelt botnfrådrag og fritak.
For 2017 vert verker og bruk samt anna næringseigedom utlikna med 7 promille.
Med heimel i eiendomsskattelovens § 12 vert satsane differensierte ved at den skattesats som skal gjelde for hus og fritidsbygg vert utlikna ut med 2 promille.

Sonekart

Geografisk plassering av eigedomen vil påverke taksten. Under finn du sonekarta for Ål.

Sonekart bustad
Sonekart fritidsbustad

Fritak

Eigedomsskattelova opnar for at kommunestyret kan gje fritak med heimel i § 7.
Kommunestyret i Ål har i sak 63/16 vedteke at eigedomar som tilhøyrer stiftingar eller organisasjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, fylke eller staten kan søkje fritak for eigedomsskatt, i medhald av eigedomsskattelovas § 7 a).
Bygningar som har historisk verdi kan søkje fritak i medhald av § 7 b).
Søknad om fritak frå eigedomsskatt etter eigedomsskattelovas § 7 vert å rette til eigedomsskattekontoret, som utarbeider innstilling i sak. Søknad vert å sende til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, eller til postmottak@aal.kommune.no

Klage

Klagefrist er 6 veker frå takstgrunnlaget er motteke.

Kva skal vere med i arealberekninga - kva er måleverdig areal?

Alt areal innafor yttervegg er måleverdig.

Det skal ikkje trekkjast frå areal som vert oppteke av veggar, rør og ledningar, sjakter, søylar, innreiingseiningar eller liknande innafor brukseininga. Areal under takutspring, t.d. salgang vert ikkje rekna med.
Alt areal innafor ytterveggen er måleverdig.

Måleverdig bruksareal (BRA) er definert i Norsk standard NS3940.

Arealtypar
Areal bustad - Bustad, våningshus, m.m inkludert integrert garasje og uisolerte boder.

Areal anna - Fritidsbustad, frittstående garasje bustad inkludert integrert garasje og uisolerte boder.

Areal alt. - Integrert garasje/ boder  – del av areal bustad/fritidsbustad som inneheld garasje eller uisolerte boder.

Areal alt. 2 - Carport

Etasjetyper

L1   Loft

H2  Hovudetasje 2

H1  Hovudetasje 1

U1  Underetasje 1 

K1  Kjellarplan

Ved korrigering av areal

Send inn omriss/skisse med påteikna mål -  skallet av etasjane innafor yttervegg. Rom-inndeling treng ikkje vere med på skissa.
Ta med alt areal som har høyde 1.90 eller meir. Er det skråtak, skal ein leggje til 0,6 m på kvar side utanfor takhøgda på 1,90.
Før på gards- og bruksnummer, bygningsnummer og kva for etasje det gjeld. Sett opp oversikt over bruksarealet for kvar etasje.

Areal kan ôg dokumenterast med oppdaterte  takstdokument.

Sett opp kontaktinformasjon; adresse, epostadresse og telefonnummer.

Send til eigedomsskatt@aal.kommune.no  eller  pr. post til

Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål.

Det er sendt ut faktaskjema til eigarar av bustad og fritidsbustad etter kvart som dei vert ferdig matrikkelført.

Dersom du har bustad eller fritidsbustad og ikkje har fått faktaskjema med arealopplysningar tilsendt, ta kontakt med servicetorget, tlf 3208 5000.

www.seeiendom.no

Her kan du slå opp eigedomen din og finne informasjon om bygningar, bygningsnummer og kvar dei er plassert.

Kontaktinformasjon

Du kan ta kontakt med oss skriftleg og merke det med eigedomsskatt, namnet ditt, telefonnummer på dagtid, gards- og bruksnummer og/eller adresse.