Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Byggesak

Byggesak

Servicetorget i Tingstugu kan hjelpe til med kart, naboliste, skjema og rettleiing - tlf. 32085000.

Du kan søkje elektronisk på Byggsøk her. Papirskjema finn du her:  Direktoratet for byggkvalitet

Kommunekart har fargeflyfoto og kart over tomta di. Velg Ål kommune og skriv inn ditt gnr./bnr.
Det kan vera feil ved tomtegrenser i kartet.

Under finn du informasjon om dei vanlegaste byggesaker og korleis du skal gå fram.

Ål kommune har to byggesakshandsamarar: Olav Warberg og Borgar Underdal, som har opne telefonar etter kl. 12.00.
Dersom du ynskjer å kontakte Borgar Underdal pr. telefon, må du gjera avtale via Servicetorget på tlf. 32 08 50 00.

Kva kan du byggja?

Det er regulerings-, utbyggingsplan eller kommuneplanen som fastset rammer for kva tiltak som kan gjennomførast i ulike område. Vedtekne planar (kart og føresegner) finn du i kommunen sitt planarkiv.

Røyr i bakken:

Ver merksam på at nye byggetiltak ikkje kan plasserast oppå vass- eller avlaupsleidningar eller røyr for lukka bekkar. Ved framtidig lekkasje må gravemaskin ha tilgang til røyra for rask oppgraving og reparasjon, utan risiko for at grøfta skal skada fundamentet til bygget. Avstanden til røyrtraseen må vera like stor som grøftedjupna.

Byggetiltak kan delast inn i tre kategoriar:

  1. Byggetiltak som er unnateke søknad:
    Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal saksbehandling, dersom det ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgivelsane eller allmenne interesser. Les meir i SAK kap. 4.NB: Slike tiltak må uansett forhalde seg til planbestemmelsane for området. Om det i plan er sett vilkår om maksimalt 1 bygg på eigedomen, må det søkjast om løyve sjølv om uthuset vert mindre enn 15 m2.  Avstand til nabogrensa må vera minst 4 meter. Kortare avstand utløyser plikt til nabovarsling og søknad.

  2. Byggetiltak som krev søknad utan ansvarsrett:
    Søknad utan ansvarsrett er ein forenkla søknad der tiltakshavar sjølv står ansvarleg for at tiltaket oppfyller alle krav som er gitt med heimel i plan- og bygningslova. Dei vanlegaste tiltaka er uthus/garasje, tilbygg og driftsbygningar i landbruket. Tiltakshavar sender nabovarsel. På naboskjemaet skal tiltakshavar oppgje si adresse for mottak av nabomerknader. Kopi av kart og teikningar og eventuell dispensasjonssøknad, skal følgja som vedlegg til naboane. Tiltakshavar sender søknaden til kommunen etter at nabofristen er gått ut med god margin. Eventuelle nabomerknader og tiltakshavar sin kommentar skal følgja som vedlegg til søknaden. Les meir i SAK kap. 3.
    Før tiltaket vert teke i bruk, må tiltakshavar sende søknad om mellombels buksløyve til kommunen. Etter at tiltaket er ferdig, må tiltakshavar sende søknad om ferdigattest til kommunen.

  3. Byggetiltak som krev søknad med ansvarsrett:
    Dei tiltaka som ikkje er nemnde i pkt. 1 og 2. skal fremjast gjennom eit godkjent føretak - ansvarleg søkjar - som er ein profesjonell aktør (arkitekt eller byggefirma) i kontakt med kommunen. Ansvarleg søkjar skal rettleia tiltakshavar om krav til innhald og dokumentasjon i søknad. Ansvarleg søkjar sender nabovarsel og er mottakar av nabomerknader. Ansvarleg søkjar sender søknaden til kommunen etter at nabofristen er ute med god margin. Eventuelle nabomerknader og søkjar sin kommentar skal følgja som vedlegg til søknaden.

    Dersom tiltakshavar eller dei ansvarleg utførande føretaka foreslår endringar av tiltaket eller ansvarstilhøva undervegs i byggeprosessen, skal ansvarleg søkjar varslast for å førebu endringssøknad til kommunen. Løyve må føreliggja før endring kan gjennomførast.

    Ansvarleg søkjar har samordnaransvaret gjennom heile prosjektperioden, frå nabovarsling til ferdigattest. Mellombels bruksløyve eller ferdigattest er dokumentasjon for at tiltaket er kontrollert av føretaka, og at det er trygt å ta i bruk tiltaket.

Dispensasjon:

Om tiltaket er i strid med planbestemmelsane for området, må det søkjast om dispensasjon
(NB: skal framgå av nabovarselet). 
Dispensasjonssøknader krev normalt politisk behandling (Sektorutval for teknisk, næring og ressurs).
For å kunne vurdere om det er grunnlag for å gje dispensasjon er grunngjeving viktig. Revidert plan- og bygningslov legg opp til ein skjerpa praksis når det gjeld dispensasjonar. Les her. Det er ekstra gebyr for dispensasjonar.

Tidsfristar:

Søknader utan ansvarsrett skal handsamast innan 3 veker. Det same gjeld søknad med ansvarsrett, der det ikkje er nabomerknader eller andre avklaringar som manglar. Andre søknader skal handsamast innan 12 veker. For dispensasjonssøknader gjeld ikkje desse fristane.

Tips for rask og smidig byggesakshandsaming:

  1. Sørg for at søknaden er komplett og godt dokumentert (gjerne foto)
  2. Respekter vedtatte planar - dispensasjonar har lågast prioritet
  3. Avklar om mogleg alle konflikter med naboar på førehand

Utslepp / avkøyrsle
Søknad om utsleppsløyve skal utarbeidast av fagkyndig føretak. Før det blir lagt inn vatn skal det vere gitt utslippsløve, alternativt  sanitærabonnement der det er offentleg vatn- og avlaupsnett.

Du finn søknadsskjema for utslippsløyve her

Ved nybygg og endra bruk skal det vere gitt løyve til avkøyring ev. utvida bruk av avkøyrsle. Det er kommunen som gjev dette til kommunale vegar og Statens vegvesen til fylkes- og riksvegar. Ved bruk av felles privat veg skal det leggjast ved avtale om bruksrett.

Bygningsavfall

Tiltakshavar er ansvarleg for at handtering av produksjons- og riveavfall blir planlagt og levert til godkjent mottak for bygningsavfall. Ved riving av bygg kan det i enkelte høve vere eit alternativ at brannvesenet brukar det som øvingsobjekt. Kontakt Hallingdal brann- og redningsteneste.

Bygning for opphald av personar skal prosjekterast og utførast med radonførebyggande tiltak slik at innstrømming av radon frå grunnen og frå tilkøyrde pukkmassar blir redusert. For bustadhus er det krav til radonsperre.   

Gjerding

Arealdelen av kommuneplanen for Ål 2010 - 2022 seier følgjande om inngjerding:

«2.1.3 Utforming og plassering av bygningar og anlegg (§11-9 nr.5, 11-10 nr.1) 
j) Det er tillate å gjerde inn inntil 400 m2 av tomta, inklusiv bygga, under føresetnad av at det vert nytta sauesikkert gjerde. Grind skal svinge utover.»

Enkelte reguleringsplaner har andre særskilte føresegner om gjerde. Du må sjekke om særskilte føresegner gjeld eigedomen din. Dersom det ikkje finst ein detaljplan som fritidseigedomen din er omfatta av, gjeld denne føresegna i arealdelen av kommuneplanen. Då kan du gjerde inn inntil 400 m2 av eigedomen utan å søkje.

Utforming av gjerde.
Grunnen til at mange ynskjer å setje opp gjerde, er at dei vil unngå å få beitedyr tett inn på fritidsbustaden/ eigedomen sin. Ein må hugse på at beitedyr er til nytte fordi dei held vegetasjonen nede. Tenk difor gjennom kor stort areal som er nødvendig å gjerde inn. Det viktigaste å tenkje på ved oppføring av gjerde, er at gjerdet ikkje er til fare for dyr. Alle har plikt til å halde gjerda sine i slik stand at folk og dyr ikkje kan bli skadd.

Mattilsynet har ansvar for tilsyn med dyrevelferd. Med bakgrunn i Lov om dyrevelferd tillet dei ikkje bruk av mellombels gjerde t.d. under bygging eller medan nysådd plen set røter.  For å minske risikoen for at dyr hengjer seg fast, skal gjerdet vera fast og varig. Det tyder at ingen bruk av tråd eller plastnettinggjerde er tillate, verken med eller utan straum.

Nettinggjerde av metall (sauenetting), bordgjerde, stakittgjerde og skigard er aktuelle alternativ. Me oppmodar om å bruke impregnert stolp og sauenetting av galvanisert metall. Gjerdet må vera minst ein meter høgt og ha ei utforming slik at småfe og lam ikkje set seg fast eller kan smette gjennom. Grinder skal slå utover.

Det er i Lov om dyrevelferd § 15 forbod mot bruk av piggtråd: «Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel.». Forbodet gjeld nye gjerde. Det er framleis lov å ha piggtrådgjerde som vart sette opp før forbodet kom, så lenge desse blir helde i forsvarleg stand.

Når må eg søkje om inngjerding?
Du må søkje når føresegnene i reguleringsplanen seier det. Døme på det er Reguleringsplanen for Øvre- Ålsåsen område H4, der det står: «Generelt er det ikke adgang til inngjerding av tomt. Inngjerding av inntil 300 m2 av tomta inkludert bebyggelse kan tillates etter søknad.»

Eit gjerde i grensa mellom to eigedomar er ikkje søknadspliktig. Søknadsplikta trer inn når gjerdet lukkar inne eit areal.

Kan eg søkje dispensasjon for å setje opp ei inngjerding?
Ja, det er høve til å søkje dispensasjon der det ikkje er tillate å føre opp gjerde, jamfør plan- og bygningslova § 19-1 og 19-2: «Kommunen kan gi varig eller midlertidig dispensasjon fra bestemmelser fastsatt i eller i medhold av denne lov. Det kan settes vilkår for dispensasjonen. Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering...»

Meir om gjerde

Korleis søkjer eg?
ByggSøk er den nasjonale løysinga for elektronisk kommunikasjon i byggesaker. Gjennom ByggSøk kan du sende byggesøknaden elektronisk til kommunen. Du vert spurt om å fylle ut det som er relevant.

Skjema Søknad om tiltak utan ansvarsrett, Nabovarsel- opplysningar gjeve i nabovarsel og kvittering for nabovarsel skal sendast utfylte til Ål kommune saman med kart som viser gjerdet (tiltaket) innteikna og skisse som viser utforminga av dette (plan- og fasadeteikningar.)

Dispensasjon er søknad om unntak frå regelverket eller reguleringsføresegnene. Det finst ikkje noko skjema for dispensasjonssøknad. Ein dispensasjonssøknad skriv du som eit vanleg brev. Det må kome fram kva det vert søkt dispensasjon frå og søknaden må grunngjevast. Naboane skal varslast særskilt om at det vert søkt dispensasjon.

Kvar skal eg sende søknaden?
Søknaden skal sendast til Ål kommune ved utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 ÅL eller til postmottak@aal.kommune.no

Kor lang tid tek det å få svar frå kommunen?
Sakshandsamingsfristen er 3 veker etter plan- og bygningslova. Sakshandsamingstida er tida som reknast frå søknaden er komplett. Rask handsaming krev at alle nødvendige opplysningar er med i søknaden.

Handsaming av dispensasjonssøknader har ingen frist etter plan- og bygningslova.

Du kan ta kontakt med Ål kommune for å få rettleiing:

Tlf. servicetorget 32 08 50 00   E- post: postmottak@aal.kommune.no

Kjelder nytta i denne rettleiaren:

Lovdata.no: grannegjerdelova, plan- og bygningslova, lov om dyreveldferd