Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bustad og eigedom

MinEigedom

Ål kommune har teke i bruk løysinga MinEigedom.
I den digitale tenesta «MinEigedom» vil du som eigar få tilgang på viktig eigedomsinformasjon heile døgnet.

Alle eigedomseigarar i Noreg kan i framtida få enkel digital tilgang til fullstendig informasjon om sin eigedom og alle kommunale tenester knytt til eigedomen på ein stad. 

Nettsida MinEigedom er lagt som ei lenke her på heimesida og inneheldt mykje data om mellom anna vatn og avløp, miljø, feiing, renovasjon, eigedomsskatt, kart og oppmåling mm. Har du fleire eigedomar i Ål kommune vil du få informasjon om kvar av desse. Kanskje eig du og eigedomar i andre kommunar. Ved innlogging i MinEigedom vil du og kunne finne dine eigedomar i andre kommunar. Dette avheng av at desse kommunane og har teke i bruk MinEigedom. 

Du treng elektronisk ID for å logge inn, til dømes BankID, Buypass eller MinID.

Gå til innlogging på MinEigedom her 

Adressering

Ål kommune er godt i gang med å tildele alle bustadhus, hytter og bedrifter adresse med vegnamn og husnummer. Eit enkelt og lettfatteleg adressesystem er avgjerande for at vi skal finne fram. Særleg viktig er det når du treng hjelp frå politi, ambulanse eller brannmannskap.

Bustadhus og næringsområde har førsteprioritet i adresseringsarbeidet, deretter følgjer støls- og hytteområde. I nokre tilfelle må eksisterande adresser endrast t.d. fordi eit hytteområde er fortetta.

Husnummera blir fastsett etter avstandsprinsippet: Ligg huset 140 meter frå der vegen startar, får det nummer 14 – sjølv om det er første hus på høgre side av vegen. Skulle det seinare bli bygt fleire hus eller lagt ut nye tomer, har ein dermed ledige nummer.

Det må vera rom for skjønn, ein må mellom anna vurdere kva som er logisk og naturleg jf. korleis husa er plassert. 

Arbeidsgang

  • Eigarane mottek brevmelding om kva husnummer dei er tildelt.
  • Adressene blir ført i Matrikkelen (eigedomsregisteret).
  • Eigarane mottek brev om at adressa er offisiell og at dei pliktar å seta opp husnummerskilt.
  • Nødetatane, Folkeregisteret, Posten m.fl. får melding om den nye adressa. 

Ål kommune har ansvar for å skilte vegane og seta opp tilvisingsskilt der det er nødvendig. 

Vegnamn

Det er kommunen som er adressemynde og tildeler adresse.

Det tek dessverre noko tid før alle vegar er skilta ferdig sjølv om hus og hytter har fått adresse. Ein del vegar manglar formelt namnevedtak, og dét må gjerast før adressering.

Kommunen si namnenemnd ynskjer å bruke innarbeidde namn, og at skrivemåten skal vera i samsvar med ålingsdialekta.

Vegnamn kjem inn under Lov om stadnamn, med norsk rettskriving som rettesnor. Namneforslag blir sendt til godkjenning hjå namnekonsulent i Norsk Språkråd, men Kartverket har siste ordet når det gjeld skrivemåten.

Brann og feiing

Brann og feiing

Byggeklare kommunale bustadtomter til sals

Her finn du oversikt med kart og prisar over ledige kommunale bustadtomter. I tillegg finn du kontaktadresse til private utbyggarar av bustadfelt.

Viss du ynskjer å reservere ei av dei kommunale tomtene, må du ta kontakt med Reidun Aaker for å få tilsendt bestillingsseddel. Vanlegvis kan du ha ei tomt "på hand" i 2 veker før du velgjer å kjøpe. Når du har kjøpt ei tomt, har du 2 års frist til å bygge bustadhus på tomta.

Sundreområdet:

Kolbotn bustadfelt, del II 

Til no er 15 tomter solgt (tomt 18-1, 18-2, 18-3, 19-1, 20-4, 21-2, 21-3, 21-4, 21-5, 21-6, 21-7, 22-2, 22-5,  22-6 og 23-5). 

Tomt 20-2 er reservert. 
Resten av tomtene er ledige. 

Du kan reservere ei tomt  med ein frist på 14 dagar til å bestemme deg om du vil kjøpe eller ikkje. Er det andre som har reservert tomta du er mest interessert i kan du sette deg på venteliste så vil du få melding når den som står før deg på lista har takka ja eller nei til tilbod om kjøp.

Viss du er interessert i tomt, skriv opp tomtene du ynskjer i prioritert rekkefølgje og send det inn pr e-post eller post til  Reidun Aaker, eller til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål v/Reidun Aaker.

Legg merke til at på nokre tomter må det byggast hus med sokkeletasje. Nokre tomter merka "FL" er for fleirmannsbustad, medan andre er for tomannsbustad. På resten av tomtene kan det byggast einebustad (det er tillatt å ha ei mindre utleigeeining i ein einebustad).
Det vert særskilte bestemmelsar for høgda på bygg på tomta 17-3.

Endeleg plan vart godkjent i kommunestyret den 17. oktober 2013.

Kart over tomtene med tomtepris. (I tillegg kjem tilkoplingsgebyr for vatn og avløp etter låg sats, oppmålingsgebyr, 2 x tinglysingsavgift og dokumentavgift.)

Gjeldande reguleringsføresegner. Endeleg godkjent i kommunestyret 17. oktober 2013 og revidert i STNR 22.10.13.

Plankart

Bestemmelsar for kjøp av tomt i Kolbotn

Andre enkelttomter
Prestelie 1 i Vestlia 
Baklivegen 5 i Ulshagen- Votna
(Tomta Tjørndalsvegen 10 (gbnr 123/343) i Granhagen er reservert til 20. oktober 2017)
  
Områderegulering Vangen tomtene B14 (ca 1 daa) og B15 (ca 3 daa, plass til fleirmannsbustader eller fleire einebustader) med innkøyring frå Helgeplassvegen i Granhagen. Resten av tomtene i denne planen er private.
 
Votndalen:
Votndalen bustadfelt, tomt nr 1, 4, 6 og 7 er ledige. 
Leveld:
Gunnarhaugen bustadfelt:
14 ledige tomter er byggeklare. Tomt nr T10 og T17 er i privat eige. Tomt T4 og tomt T6 er solgt.
Prisen på dei kommunale tomtene i Gunnarhaugen er kr 300 000 pluss oppmålingsgebyr, tinglysing, dokumentavgift. Tomtekjøpar må betale for tilkopling til straum, vatn og kloakk etter låg sats.

Vats:

Vats bustadfelt,  tomt T7 er ledig, medan tomt T6 er reservert.
Desse tomtene er på om lag 5 mål. Reguleringsføresegnene tillet husdyr på tomtene. Prisen er kr 300 000 pluss oppmålingsgebyr, tinglysing, dokumentavgift. Tomtekjøpar må betale for tilkopling til vatn og kloakk etter låg sats.
Opparbeiding av veg, vatn og kloakk er ferdig. Bestemmelsar for kjøp av tomt i Vats bustadfelt:

Torpo:

Bakken I bustadfelt, 6/42 (prisavslag 20 000), 6/40 og 6/49.
Bakken II bustadfelt, Malmvegen 2, 3, 5, 7, 22, 24, 26, 27, 28,  30, 32, 34, 35 og 37.
 

Private tomter:

Haugen bustadfelt: Ta kontakt med Haugen Tomtefelt ved Hendug Bygg, tlf 32 08 59 40/ post@hendug.no .
Dei planlegg å ha ti byggeklare tomter våren/ sommaren 2017.
  

Brattebakken bustadfelt (Bakketeigen) - ta kontakt med 
Torleiv Nestegard, tlf 928 06 611
 
Knausevegen i Granhagen - ta kontakt med Ålhytta, tlf 32 08 60 50
 
Områderegulering Vangen i Granhagen - ta kontakt med Sverre Etterlid, tlf 907 32 152 eller Frank A. Dahl, tlf 905 15 575