Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ål Kraftverk

Bilete frå kraftstasjonen

Ål Kraftverk KF har ei historie som går attende til 1914. Ål Kraftverk KF er heileigd av Ål kommune.
Kraftverket har ein liten kraftstasjon som produserer ca. 13 GWh (millionar kWh) ved Ylifossen i Gullhagen industriområde.

Ellers har kraftverket rettar ved:
- Erstatningskraft for tapt kraftproduksjon ved bygginga av Nes Kraftverk
- Rettar frå Uste/Nes-utbygginga.
- Konsesjonskraft frå kraftverk i Hallingdal.
 
Tilsaman har kraftverket rett på ca. 230 GWh elektrisk energi. Omlag 100 GWh vert seld til abonnentar i Ål kommune. Resten vert seld i engrosmarknaden for kraft.
Overskotet av salet går til eigaren Ål kommune, som set pengane inn på eit utbyggingsfond. M.a. er Kulturhuset i Ål - og fleire andre anlegg - bygd med pengar frå dette fondet.

LVK

Landssamanslutninga for vasskraftkommunar

Produkt og prisar

Ål Kraftverk KF tilbyr kundar i Ål å kjøpe kraft til løpande spotpris (engrospris) + evt påslag. Me skal vere like billig, eller betre enn gjennomsnittet av dei 5 beste tilbydarane innan dette produktet over tid.
For tida er dette påslaget kr 0,-

For bustader og industri er det eit tak på 45 øre/kwh + el.sertifikatpris.
Dette vil seie at prisen, eksklusiv mva. aldri skal gå høgare enn denne prisen.
Fritidsbustader har ikkje dette taket. 

Her finn du oversikt over historiske spotprisar - Hallingkraft

Du som kunde betalar overføringsavgift (nettleige) i tillegg til prisen på straumen.

Oversikt over overføringstariffar finn du her - Hallingdal Kraftnett