Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

LEGEVAKT

LEGEVAKT

Logo legevakt

Felles legevaktnummer i heile landet – 116117 – heile døgnet 

Frå 01.09.15 vart 116117 innført som felles legevaktnummer i heile landet.
Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og det er gratis. Du vil få svar frå legevakta i det området du oppheld deg. 

Det gamle legevaktnummeret 32 08 24 88 vil framleis fungere som før. 
Dette nummeret kan også nyttast dersom ein skal ringe Hallingdal legevaktsentral frå ein annan stad i landet. 

Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som eigen fastlege ikkje kan handtera. 

Når du treng legehjelp – kven skal du ringe til?

  • Fastlegen ved lokalt legekontor - i vanleg arbeidstid, også for øyeblikkeleg hjelp. (Ål legekontor tlf. 32 08 53 50).

  • Legevakt 116117 – når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente

  • 113 – når det er akutt og står om liv. 

    Ring først!

    Legevakta er open heile døgnet.  Når du ringjer på førehand, kan du få råd, tilpassa hjelp og eventuelt timeavtale med lege. 

     

    Når skal du kontakte legevakta på dagtid?

    Vi oppmodar deg til å bruke Ål legekontor (tlf. 32 08 53 50) og fastlegen på vanleg dagtid fordi desse oftast har best føresetnad for å gje deg rett helsehjelp. Fastlegane har avsett tid til å ta i mot pasientar på kort varsel. 

    Dersom du

  • treng rask legehjelp på vanleg dagtid,

  • og fastlegen ikkje er tilgjengeleg

    tek du kontakt med legevakta ( tlf. 116 117). Her vil du på dagtid møte andre legar frå Ål legekontor. 

    Dersom det er akutt og står om liv, ring 113.  

    Når skal du kontakte legevakta på kveld, helg og natt?

    Den interkommunale legevakta på kveld, helg og natt (tlf 116 117) skal nyttast til helseproblem som ikkje kan vente til vanleg arbeidstid. 

     

Korleis henvender du deg til legevakta?

Lokala ligg i underetasjen i det nye helsetunbygget (Helsetunvegen 15).  Det er skilta med legevakt.  Legevakta har personell  til stades i vaktlokala gjennom heile døgnet.   Vi ber deg likevel om ringe før du kjem. Dette både for å unngå unødig venting og for få gode råd. Nokre gonger kan ei slik samtale gjera legevaktbesøket unødvendig. 

  

Legevakt

Besøksadresse:

Helsetunvegen
3570 Ål