Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vaksenopplæring

Ål vaksenopplæring gjev undervisning i norsk og samfunnsfag for busette flyktningar, gjenforeinte, asylsøkjarar på Ål mottak og arbeidsinnvandrarar.
Opplæringa har som målsetting å føre elevane fram til norskprøve 2 eller norskprøve 3, skriftleg og muntleg.
Ål og Hol kommunar har eit samarbeid der Hol kommune kjøper tenester av Ål slik at all undervisning for holingar skjer i Ål.
Det blir undervist i norsk og samfunnsfag måndag til torsdag frå kl.09.00 - 13.45. Skulen ligg på andre sida av Sundrevegen i.f.t. til kyrkja.
Dersom du ynskjer å søke om plass så må du fylle ut søknadskjema og levere det på servicetorget i Ål kommune saman med kopi av arbeids- eller opphaldstillatelsen din.

Arbeidsinnvandrarar må rekne med å betale for undervisninga.

Kr.2724,- pr. mnd. for 21 undervisningstimar/ 4 dagar.

Her finn du elektronisk skjema for søknad om vaksenopplæring

Her finn du skjema for søknad om vaksenopplæring - PDF

Grunnskuleopplæring for vaksne

Vaksne har rett til grunnskoleopplæring:

  • dersom dei ikkie har fullført 10-årig grunnskule
  • dersom dei ikkje har fullført 9-årig grunnskule
  • dersom dei ikke har fullført 7-årig folkeskule
  • dersom dei manglar enkeltfag
  • dersom dei kjem frå eit anna land og manglar heilt eller delvis grunnskule
  • dersom dei har 7-årig folkeskule og ynskjer grunnskuleopplæring  

Andre grunnar: 

  • lese og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • ynskjer å forbedre karakterar på gamle vitnemål frå grunnskulen.  

Fullført grunnskule gir rett til videregåande opplæring. 

Du kan velge mellom eitt eller fleire av desse faga:

  • Norsk
  • Matematikk
  • Engelsk
  • Natur- og miljøfag
  • Samfunnsfag (historie, geografi, samfunnskunnskap)  

IKT (data) er hjelpemiddel i undervisninga. 

Det blir satt  i gang undervisning i eitt eller fleire  av desse faga, avhengig av ynskjer frå dei som søkjer opplæring. Undervisninga vert satt i gang med atterhald om at det melder seg tilstrekkeleg antall elever.
Opplæringa går over 2 skoleår.  

Undervisinga er gratis.
Undervisingsstad: Læringssenteret Gol Vaksenopplæring.

For innvandrarar og flyktningar: Det er ein føresetnad for opptak at vedkomande har lovleg opphald i Noreg (asylsøkjarar har ikkje rett til grunnskuleopplæring for vaksne). Vidare stiller vi som vilkår at søkjar har gode kunnskapar i norsk, minimum A 2 nivå munnleg og skriftleg. For deltakarar som er på Introduksjonsprogram vil eit opptak på grunnskule måtte skje i forståing med aktuelt NAV kontor/flyktningekonsulent

Søkjarar kan ta kontakt med Læringssenteret Gol vaksenopplæring, tlf 32029235 eller servicetorget i Ål kommune for søknadsskjema og meir informasjon. 

Søknadsskjema grunnskoleopplæring.pdf 

Vil du lære norsk?

Ål vaksenopplæring starter oppatt etter ferien 17.august kl.09.00.

Søknadskjema finn du på heimesida til Ål kommune: skule og opplæring/vaksenopplæring.

Kontaktperson: avd.leiar Silje Landsmann Wiwe tel. 91 88 6642