Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ungdom i Ål

Illustrasjonsteikning av ungdom

Ungdata

Ungdomskonsulenten

Ungdomskonsulenten er organisert under oppvekst, og er tilgjengeleg der ungdom er.
Målet er heilskapleg og målretta satsing for å nå ungdom 13-18 (23) år i risiko. 

Ungdomskonsulenten er representert i tverrfagleg møte på ungdomsskulen og samarbeider med foreldre og andre hjelpeinstansar. 

Ungdomskonsulenten kan tilby støttesamtaler, ulike gruppetilbod, jobbe med relasjonsbygging, motivasjonsarbeid og styrke foreldresamarbeid. 

Ungdomslosen

Ungdomslosen skal vere med og samordne tilbod og legge til rette for tettare oppfølging av elevar på ungdomsskulen som er i risikosonen. 
Målsetting med ungdomslos er mellom anna:

  • Førebygge rusproblematikk og potensielle utfordringar i den psykiske helsa.
  • Fange opp elevar som har manglande omsorg, støtte og oppfølging frå føresette.
  • Førebygge og fange opp elevar som manglar nettverk, opplever mobbing og sosial isolasjon. 

Kven kan ta kontakt med ungdomskonsulenten og ungdomslosen:

  • Elevar
  • Føresette
  • Tilsette i skulen
  • Samarbeidsinstansar

Ungdomskonsulenten/ungdomslosen er å treffe på ungdomsskulen:

  • måndag frå kl.09.00-16.00
  • onsdag frå kl.12.00-16.00
  • fredag frå kl. 09.00 . 12.00

  • Tingstugu tysdag kl. 08.00 - 16.00

Kontaktinformasjon:

Anne Berit Gudbrandsgard tlf. 99799034
E-post: abg@aal.kommune.no

Besøksadresse: Ål ungdomsskule, Sundrevegen 42, 3570 Ål  eller Tingstugu, Torget 1, 3570 Ål 

Ungdom med mot

Foto: Anne Berit Gudbrandsgard 

Bilde av nye UMM på 9.trinn:
Bak f.v: Henrik Opheim Berg, Hedda Frantzen, Mari Svensgård, Nora Grue og Oda Sundgot

Framme f.v: Aleksander N. Buseth, Amalie Køk og Anne Skrindo Danielsen

Ål ungdomsråd 2017


 

Bak frå venstre: Dagrun Opheimsjorde, Marte Medgard Skår, Tuva Jorde, Øyvor Lappegård, Oda Sundgot.
Framme frå venstre: Elias Medgard Skår, Emilia Assimakis, Cecilie Skrindo (nestleiar), Juliane Lerberg Gudbrandsgard (leiar), Jostein Stølen.

 

Ikkje tilstades: Guro Breie og Otilie Røer Tvedt 

 

Ål ungdomsråd har to representantar frå kvart trinn på ungdomsskulen, samt nokre representantar frå dei vidaregåande skulene i Hallingdal. Ungdomskonsulenten er sekretær for rådet, og ordførar og rådmann er med på møtene ved høve. 

 

Ål ungdomsråd jobbar med ulike saker, og administrasjonen nytter rådet til drøfting og ber om innspel i saker som gjeld born og unge. Ål ungdomsråd samarbeider tett med ungdomskonsulenten, og jobbar med å få til eit ungdomsrom på Ål kulturhus.