Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

SFO

SFO-tilbodet i Ål

Etter Opplæringslova § 13-7 skal kommunen ha eit tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilde behov på 1.-7. trinn:

«Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

SFO er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa og er eit frivillig tilbod. Opplæringslova slår fast at kommunen kan krevje alle utgifter til SFO dekt gjennom foreldrebetaling. I Ål vert ein sum tilsvarande eit tidlegare statstilskot overført til skulane og er med på redusere andelen på foreldrebetalinga.

Utgangspunktet for dimensjoneringa av SFO-tilbodet ved barneskulane i Ål,  er søknadane som kjem inn i hovudopptaket. Hovudopptaket har søknadsfrist 1. mars. Etter vedtektene for SFO, skal det vere minst 6 elevar påmeldt for at det skal bli oppretta eit tilbod.

Elevar med SFO-ordning har ikkje rett på gratis skuleskyss dei dagane dei er påmeldt SFO.

Søknad om SFO-plass

Det vert nytta elektronisk søknad for å søke SFO-plass i Ål kommune.

Den elektroniske søknaden skal nyttast både i samband med hovudopptaket (søknadsfrist 1. mars)
og dersom det skal søkjast ny plass i løpet av SFO-året. Tildeling av plassar utanom hovudopptaket vil vere avhengig av ledig kapasitet.

Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med servicetorget på Tingstugu eller ein av skulane.

Søknadsskjema SFO

Endring eller oppseiing av tildelt SFO-plass

Endring av tildelt plass/oppseiing av delar av plass
Det kan søkjast om endring av tildelt plass. Det kan søkjast om fylgande endringar:

  • Søknad om utviding av SFO-plass
  • Melding om redusering av SFO-plass
  • Søknad om endring av dagvalg/opphaldstid 
  • Søknad om overføring av plass til annan SFO

Det skal nyttast elektronisk søknad for å sende inn søknad om endring. I den elektroniske søknaden må datoen det vert søkt endring frå førast opp. Utviding av SFO-plass vert tildelt etter ledig kapasitet.

Dersom endringa gjeld redusering av plass, er det to månader oppseiingstid, rekna frå den 1. i månaden etter at meldinga er motteken.

Søknadsskjema SFO

Oppseiing av heile SFO-plassen

Ved oppseiing av heile SFO-plassen skal elektronisk skjema for oppseiing av plass nyttast. Etter vedtektene er det to månader oppseiingstid, rekna frå den 1. i månaden etter at oppseiinga er motteken.

Skjema for oppseiing av heile SFO-plassen 

Opningstider

Frå skuleåret 2016/2017 vil opningstidene ved SFO vere frå kl 07.30 og fram til skulen startar og frå skuleslutt og fram til kl 16.30 ved alle skulane i Ål.

Her ser du oversikt for opningstider for SFO ved skulane i Ål:

Ferie-SFO

Det vert arrangert ferie-SFO ved Nedre-Ål skule til fylgjande tidspunkt:

  • Frå 1. august og fram til planleggingsdagane før skulestart
  • Haustferien
  • Vinterferien
  • Frå skuleslutt og fram til 30. juni

SFO-elevar ved Leveld skule, Skattebøl skule og Torpo skule vil få tilbod om plass ved ferie-SFO ved Nedre-Ål skule. det vert sendt ut eigen bindande påmelding til ferie-SFO.

Ferie-SFO er ikkje inkludert i den ordinære foreldrebetalinga og vert fakturert i tillegg.

SFO er stengt

SFO er stengt på fylgjande dagar:

  • Planleggingsdagar
  • Juli
  • Jule- og påskeferie
  • Andre fridagar jf vedteken skulerute

Desse dagane vert det ikkje arrangert ferie-SFO.

Betalingssatsar/betalingsreglement

Kommunestyret har i sak 66/16 vedteke fylgjande betalingsreglement i SFO frå 01.01.2017: 

  1. Betalingssats:
  • 0-6 timar - kr 950,- pr månad
  • 6,05-10 timar - kr 1 500,- pr månad
  • 10,05-16 timar - kr 2 000,- pr månad
  • Over 16 timar - kr 2 300,- pr månad
  • Sats for ferie-SFO - kr 180,- pr dag.

     Foreldrebetalinga skal dekke kostnader til drift av SFO (jf kostnadsbegrepet). Satsane kan bli justert i løpet av skuleåret. 

  1. Mat i SFO
    Mat i SFO skal vere sjølvfinansiert og kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling. 

  2. Leksehjelp
    Dersom leksehjelp vert lagt til eit tidspunkt med SFO, skal denne tida kome til fråtrekk .
     
  3. Utsending av faktura
    Det vert sendt faktura for tilbodet som fylgjer skuleruta fordelt på 11 månader. Ev ferie-SFO vert fakturert i tillegg. Forfallsdato den 20. i kvar månad.
     
  4. For sein henting
    Føresette som gjentatte gonger ikkje hentar sine barn til rett tid, må etter ein skriftleg advarsel betale kr 150,- pr påbegynt ½ time ved for sein henting.
     
  5. Manglande betaling
    Ved manglande foreldrebetaling i meir enn to månader, vert det sendt varsel om oppseiing av plassen. 

Vedtekter

Det er utarbeidd vedtekter for SFO ved skulane i Ål kommune.

Gjeldande vedtekter for SFO i Ål kommune finn du her.