Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

PPT for Ål og Hol

Pedagogisk psykologisk teneste for Ål og Hol (PPT) er ei interkommunal teneste for kommunane Ål og Hol.

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk psykologisk teneste. Tenesta har heimel i Opplæringslova.                        

Tenesta har ansvar for barn og unge som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i. I tillegg har tenesta ansvar for vaksne med rett til grunnskoleopplæring.

Tenesta skal hjelpa skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for eleven/barnet med særlege behov. Den pedagogisk psykologiske tenesta skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.

Kva arbeider PPT med?

  • Funksjonshemmingar av ulike slag
  • Fagvanskar (t.d. lese-/skrivevanskar, matematikkvanskar)
  • Språk- og talevanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Systemarbeid i skuleklassar/barnehageavdelingar

 

Kontakt med PPT

Foreldre kan sjølve ta kontakt med PPT for oppmelding. Når andre, til dømes skule eller barnehage, ynskjer at barnet skal meldast til PPT-kontoret, må alltid foreldra vera samde i dette, og skriva under tilmeldingskjemaet.

Klassar og barnehageavdelingar kan og meldast til PPT.

Meldingsskjema kan du få i barnehagar og skular eller ved å ta kontakt direkte med PPT-kontoret. Det er ingen søknadsfrist.  Meldingane vert handsama etter kvart som dei vert motteke.

Tilsette ved PPT-kontoret har teieplikt og alle tenester er gratis.

PPT for Ål og Hol

Besøksadresse:

Familiens hus, Sundrevegen 95
3570 Ål

Posadresse:

Sundrevegen 95 a
3570 Ål

Telefon: 3208 5280

Kontaktperson: Lennart Artmann