Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Innvandrartenesta

Innvandrartenesta

Vil du hjelpe til med ei betre integrering av busette flyktningar i Ål kommune?

Flyktningtenesta  treng hjelp til mange oppgåver. Det har vore store endringar i flyktningsituasjonen siste året. I Ål kommune har vi og busett fleire, vi vil vera med å ta ansvar i denne situasjonen. I 2015 busette vi 15 personar og i 2016 skal vi busette 25 personar inkludert familiegjenforening.  Av desse har 10 familiemedlemmar alt kome. Dei fleste kjem frå Eritrea , men vi har og busett frå Syria og Burundi i haust. Dei fleste er einslege, og mange unge, flest menn , men og nokre kvinner. 

Vertsfamiliar

Ta kontakt med oss  om familien  kan vera  vertsfamilie for ein einsleg mindreårig, i fyrste omgang berre helger og ferier.   Til hausten skal  vi busette 4-5 einslege  mindreårige. Det fyrste året vil dei gå på Hallingdal  folkehøgskule på Gol, men dei skal ha tilknyting  til Ål kommune som vil vera deira heimkommune. Etter året på folkehøgskule vil dei bli busett i bufellesskap/eigen leilegheit i Ål. Vi treng vertsfamiliar til desse ungdommane, ein familie som dei kan koma til i delar av feriar og nokre helger. Om din familie  er interessert så ta kontakt med  flyktningtenesta for å få meir informasjon. 

Bustader/praksisplassar

Vi busett no mange einslege vaksne, og vi treng fleire leilegheiter/hyblar.  Ein flyktning som  blir busett går fyrst to år på introduksjonsprogam for flyktningar. Målet med programmet er  å komme i arbeid eller starte med utdanning etter  dei to åra. Dei går på vaksenopplæring 4 dagar i veka og har språkpraksis ein dag. Praksisplassane er viktige for å praktisere norsk og for å få kjennskap til arbeidslivet. 

Flyktningven

I haust og vinter har vi fått fleire flyktningvener og mange positive erfaringar med det. Ein norsk flyktningven kan ha kontakt med ein busett  person eller ein familie, dei kan treffast 1-4 gongar i månaden og gjere noko  saman, lage mat, gå ein tur, handle, idrett, spel, musikk osv. Ta kontakt med Frivilligsentralen. 

Språktrenarar

Vi treng og nokon fleir som kan vera språktrenar på vaksenopplæringa. Dette er språktrening etter skuletid for dei vaksne som skal lære seg norsk. 

Skiutstyr/syklar

Har du skiutstyr (mange vart  inspirert til meir skigåing etter skidag i vinterferien)  og syklar til overs, vil og nokon sette stor  pris på det. 

For at  dei som kjem nye til Ål  skal få eit godt liv er det viktig at dei føler seg velkomne. Dei treng eit nettverk  og ting dei kan delta på. Dei vil bli kjent og lære nye ting og ha moglegheiter for å bruke det nye språket. 

Ei oppmoding frå uss:  Hels på dei på gata og butikken, og snakk gjerne litt med dei. Og har du litt ekstra tid meld deg som flyktningven. 

Kan du hjelpe til med noko så ta kontakt med flyktningtenesta , Frivilligsentralen  eller servicetorget. 

Følg oss også på Facebook: Innvandrartenesta i Ål kommune

Introduksjonsprogram - skjema for påmelding