Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Helsestasjon

Postadresse: Torget 1, 3570 Ål

-----------------------------------------------------------

Ål helsestasjon

Besøksadresse: Sundrevegen 95-97
Opningstid: Kl. 09.00 - 15.00

Telefon: 32 08 52 90
Mobiltelefon: Helsesøster barneskulane: 951 96 799/979 66 553
Mobiltelefon: Helsesøster ungdomsskulen 992 87 891 
Mobiltelefon: Helsesøster vidaregåande: 992 87 853.
Mobiltelefon: Helsestasjonen/ungdomshelse: 951 967 99

Jordmor- , helsestasjon- og skulehelsetenesta har som mål å fremje god helse hos gravide, barn og unge.

Ressursteamet

Ressursteamet står for lett tilgjengeleg hjelp når du som forelder, lærar, venn etc. er bekymra for eit barn eller ein ungdom.Ressursteam er eit adhoc-team som kjem saman når ein er bekymra for eit barn eller ungdom.
Du finn meir informasjon om ressursteamet her
 

Skulehelsetenesta

Dei som er med i teamet i skulehelsetenesta er: Helsesøster, fysioterapeut og lege. Psykiatrisk sjukepleiar vert med etter behov.

Tilbod

  • Helseundersøkingar
  • Oppfølging av elevar ved behov.
  • Helseopplysning/rettleiing einskildvis eller i grupper.
  • Vaksinering.
  • Ope kontor på skulen der elevane kan ta kontakt ved behov  
  • Helsesyster tek del i tverrtfaglege møte med skule, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og barnevernstenesta.

Barneskulen
Helsesyster har kontor ved dei ulike skulane i kommunen. Dagar for når helsesøster og fysioterapeut er til stades blir opplyst på kvar skule.

Ungdomsskulen
Helsesyster er til stades torsdagar frå kl. 09.00-13.00. Mobiltelefon: 992 87 853
Fysioterapeut er til stades torsdagar kl. 11.00 - 12.30.

Vidaregåande skule

Helsesyster er på skula på torsdagar - tlf. 992 87 853.
Skulehelsetenesta på Ål vgs har eit nært samarbeid med psykisk helse, skulefysioterapeut, skulelege, ungdomslos, PPT og rådgjevarar/lærarar på Ål vgs.

Skulehelsetenesta deltek på tverrfaglege møte på skulen kvar veke.

Influensavaksine

Influensavaksine vert gjeve kvar haust. Sjå annonse i Hallingdølen

Smittevern

Dersom du har vore utom Vest Europa  og USA meir enn 3 mnd. må ta tuberkulintest når du kjem heim dersom du arbeider innan helse, barnehage og skule, før du tek til i arbeidet att, etter ferien

Reisevaksine

Torsdagar frå kl. 09-14. 
Du må bestille time på tlf. 32 08 52 90.
Vi gir rettleiing og råd for reiser utanom Vest-Europa. 
Ta kontakt i god tid før avreise, minst  ein månad på førehand . 
Sjå også Vaksine, www.folkehelsa.no 

Helsestasjon for ungdom

Ope kvar måndag mellom kl. 14.30-16.30, tilbod til ungdom mellom 13 og 24 år.
I sommarferier har vi ingen fast opningstid. Ring tlf. 32 08 52 90 for å få ein avtale eller kom innom ved behov.

Vi har kontor på helsestasjonen, og du kan treffe lege, helsesøster eller jordmor.
Vi har eit nært samarbeid med psykisk helsevern.
Du kan snakke med oss om: Helse, trivsel,mistrivsel, kosthald, psykiske problem, mobbing, spiseforstyrring, forelsking, sex. samliv, prevensjon, kjønnssjukdom, hiv, rusmidlar osb.

Vi kan også hjelpe deg med resept på p-piller, graviditetstest, undersøking ved mistanke om infeksjon osb

Vi har taushetsplikt Ingen timebestilling, og tilbodet er gratis.  - og du er alltid velkomen. 
Kan du ikkje koma måndagar mellom kl. 14.30 og 16.30, kan du ringe tlf. 32 08 52 90 eller 992 87 853 for å få ein avtale. 

Helsestasjon for spe- og småbarn  

Heimebesøk av jordmor 0-4 dagar etter heimreise, og av helsesyster innan dei to fyrste vekene etter fødsel. 
Du kan og sjølv ta kontakt med helsestasjonen om du ynskjer raskt besøk/kontakt. Helsestasjonen gir rettleiing, råd og støtte i samband med barn og det å vera foreldre.

Tilbod
Helseundersøkingar og  rutinekontrollar på helsestasjonen med helsesøster og helsestasjonslege. Rettleiing og råd vedr. amming, kost, søvn, grensesetting osb.  Oppfølging av barnet sin vekst og utvikling.  Støtte og rettleiing på foreldrerolla. Tilbod om vaksinering etter det nasjonale vaksineprogrammet. Sjå www.folkehelsa.no   Oppfølging av barn og familiar med spesielle behov (kroniske sjukdomar, usikker utvikling, psykososiale problem m.m.).  Individuell oppfølging hos fysioterapeut ved behov.

Helsesøster tek del i tverrfaglege møte med barnehage, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og barnevernstenesta.

Helsesøster/helsestasjonslege henviser vidare til andre hjelpetenester/spesialist/sjukehus ved behov.

Jordmortenesta

babyfot

Er du/dere gravid(e) kan du bestille deg time til den fyrste svangerskapskontrollen hos fastlegen, tlf. 32 08 53 50, eller hos jordmor, tlf. 32 08 52 90. Alle kontrollar, pluss ein etter fødsel er gratis og vert dekka av NAV.

Målgruppe: den gravide og deira familie/partner, dei som søker prevensjon,

Fyrste kontroll er gjerne mellom 9-11.svangerskapsveke.

Svangerskapskontrollane er lagt opp slik den einskilde treng det. Vi tek utgangspunkt i statlege retningsliner og samarbeider med fastlegane, helsesystrene og evt. andre etter behov.
Jordmor/fastlege tingar ultralydscreening  i veke 17.-19., på det sjukehuset du/dykk har lyst til å føde.

Alle blodprøver som: blodtype, Rhesus, HIV, syflis, Hgb og Fe og evt. andre prøver, tas på legekontoret/hos fastlegen. Urinprøve må den gravide ta med seg til kvar svangerskapskontroll.

Vi har tilbod om akupunktur frå  svangerskapsveke 38.

Overtid: Alle får tilbod om kontroll på fødeavd. 7 .dagen over termin.

Temakveldar vert arrangert 2-3gonger i året. Der tek me opp: fødsel, tida etter fødsel/amming og reiileiing med fysioterapeut.

Jordmor kjem heim til alle som har født. Alt frå 1-5 dagar etter heimkomst kjem jordmor. 

Jordmorvakt/fylgje til sjukehus/fødeavdeling.

Det er vaktsamarbeid mellom Hemsedal, Gol, Hol og Ål.

Vakthavande jordmor er å treffe på mob. 906 71 090.
Jordmor er tilgjengeleg 24t. i døgnet.  Viss du ikkje får tak i jordmorvakta, så ta kontakt med legevakta på 116117.

Nyttige lenker:

Graviditet-fødsel-barsel: Helsedirektoratet

Matportalen: Trygg mat  http://matportalen.no

Kjenn liv

Foreldrepengar hjå NAV:  https://www.nav.no/no/Person/Familie/Venter+du+barn/Foreldrepenger

Farskap: https://www.nav.no/no/Person/Familie/Farskap+og+morskap

Ammehjelp

 

Ungdom i Ål

Ungdom i Ål

Helsestasjon

Besøksadresse:

Familiens hus, Sundrevegen 95
3570 Ål

Posadresse:

Sundrevegen 95
3570 Ål

Telefon: 3208 5290