Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Hallingdal barnevern

Hallingdal barnevernteneste


Interkommunalt samarbeid mellom barnevernstenestene i Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå. Ål kommune er vertskommune. 

Hallingdal barnevernteneste har flytta inn i Familiens hus på Ål. Kontoret er bemanna kvar dag mellom kl. 09.00 og 15.30.
I tillegg har vi lokalkontor i kvar kommune.

Det kan gjerast avtaler i kvar kommune i samarbeid med sakshandsamar. 

Telefon og postadresse som er felles for heile tenesta:
Telefon: 32085310.
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål.  

Hallingdal barnevernteneste sitt hovedkontor: Sundrevegen 95-97, 3570 Ål.  

Hallingdal barnevernteneste sine lokalkontor i kvar kommune:

  • Hol: Servicekontoret på Geilo, Kyrkjevegen 19, 3580 Geilo.
  • Gol: Kommunehuset, Gamlevegen 4, 3550 Gol.
  • Hemsedal: Bygdaheimen, 3560 Hemsedal.
  • Nes: Tinghuset, Alfarvegen 117, 3540 Nesbyen.
  • Flå: Kommunehuset, 3539 Flå.

Nyttig generell informasjon om barnevern finn du her:

Melding til barnevernet

Barnevernet.no

Lovdata

Nasjonalt bibliotek for barnevern og familievern

Kontaktinformasjon

Opningstider og kontakt: 
Måndag – fredag kl. 09.00 – 15.30 1. juli - 15. august kl. 09.00-15.00

Hovudnummer: 3208 5310
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål.
Faks: 32 08 42 02  E-post: barnevern@aal.kommune.no

Barnevernleiar: Helene Sagabråten Tlf.: 32 08 53 10
E-post: helene.sagabraten@aal.kommune.no

Teamleiar mottak og undersøking: Lotte Magnussen Tlf: 32 08 53 10 E-post: lotte.magnussen@aal.kommune.no
E-post: Teamleiar hjelpetiltak: Ingunn Viko Tlf: 32 08 53 10 E-post: ingunn.viko@aal.kommune.no

Teamleiar omsorg: Åse Berit Lio Tlf: 32 08 53 10
E-post: ase.berit.lio@aal.kommune.no

Teamleiar familieteam: Camilla Svanaasen Joranger. Tlf. 32 08 53 10
E-post: camilla.svanaasen.joranger@aal.kommune.no

Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernsområdet.

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører arbeidet etter Lov om barneverntenester. Barnevernstenesta skal blant anna gi råd og rettleiing, foreta undersøkingar, treffe vedtak etter loven eller forberede saker for behandling i fylkesnemnda, setje i verk og følgje opp tiltak. 

Staten har ansvar for å rekruttere fosterheim og for barnevernsinstitusjonane. Sjå meir om dette på Bufetat.no.

Barnevernet

Kva kan barnevernstenesta hjelpe til med?

  • Vera ein drøtingspart for alle som har ei bekymring kring eit barns oppvekst. Sakar kan drøftast anonymt.
  • Gi råd/rettleiing til barn/ungdom.
  • Ulike tiltak til barn/ungdom/familien etter Lov om barneverntenester.
  • Henvise til andre instanser, eks. BUP, familievernkontor m.m.
  • Anbefale plass i barnehage eller skolefritidsordning
  • Rettleie om foreldrerolla
  • Gi kortare eller lengre opphald på institusjon eller fosterheim.

Når bør du ta kontakt med barnevernet?

  • Når du som barn/ungdom ikkje har det bra, og meiner at du og familien din kan trenge hjelp frå andre.
  • Når du som forelder kjenner at famlien treng hjelp til å hantere kvardagen.
  • Når du ser at eit barn ikkje får dekket sine grunnleggjande behov for omsorg og tryggleik.  
  • Når du har mistanke om at eit barn blir utsett for fysisk/psykisk mishandling eller seksuelle overgrep.
  • Når du er bekymra for at foreldre har rusproblem
  • Når du er bekymra for at foreldre har store psykiske problem
  • Når du som foreldre er sterkt bekymra for barnet/ungdommen din

Korleis tar du kontakt med barnevernet?

  • Du kan skrive til oss - og oppgi namn eller være anonym
  • Du kan ringe til oss - og oppgi namn eller være anonym
  • Du kan ta kontakt for å avtale eit møte hos oss

Kva skjer når du tar kontakt med barnevernet?

  • Du får anledning til å snakke med ein i barnevernet om det du har på hjertet.
  • Du får generell informasjon om korleis barnevernet behandlar henvendelsane dei får.
  • Du får råd/rettleiing ifht korleis vidare gang vert.

Kva legg barnevernstenesta vekt på?

  • Omsynet til barnets beste er det aller viktigaste for barneverntenesten.  
  • Samarbeid med foreldre og barn/ungdom - samarbeid er ei forutsetning for å finne gode løysingar saman.
  • Hjelp til sjølvhjelp.
  • Rett hjelp til rett tid
  • Mildaste inngrepsprinsipp.
  • Teieplikt i barnevernssaker

Skjema for bekymringsmelding til barnevernet

Skjemaet skal ikkje sendast inn elektronisk av omsyn til personvernet, men skrivast ut og sendas pr. post til:
Hallingdal barnevernsteneste, Torget 1, 3570 Ål

 

Adopsjon

Informasjon om adopsjonsprosessen finn du her: Bufetat.no 
Kontaktinformasjon:
Bufetat, region sør Postboks 2233, 3103 Tønsberg Tlf. 46615000.
E-post: postmottak@bufetat.no

Dei ulike adopsjonsforeiningane - adresser m. v.

Organisasjon

Tlf

Internettadresse

Adopsjonsforum

23 28 08 00

www.adopsjonsforum.no

Innor Adopt

38 10 59 50

www.inoradopt.no

Verdens barn

22 59 52 00

www.verdensbarn.no

Lovheimel  Her finn du lovteksten om adopsjon       

   

Alarmsentral for barn og unge   

Saman med Justisdepartementet har Barne- og likestilingsdepartementet teke initiativ til ein gratis alarmtelefon for born og unge som er utsette for ulike former for overgrep, vald eller omsorgssvikt.

Alarmtelefonen med nr 116 111 er gratis.   Den kan og kontaktast på e-post alarm@116111.no. Telefonen er ope mellom 15.00 - 08.00 på kvardagar. Elles er den ope heile året - i helger og på hellig- og fridagar.

Du finn meir informasjon her

                                                                                   

Barnevernvakt   

Det fins ei barnevernvakt for Hallingdal. 

Barnevernvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap, og er ei bakvaktsordning utanom ordinær kontortid. 

Primæroppgåvene er å bistå familiar, barn og unge i akutte situasjonar (gjeld ikkje ungdom som er 18 år og eldre).
Ein akutt situasjon betyr i praksis at nokon kan ta skade om situasjonen ikkje vert endra raskt. I nokon tilfelle kan det bety å fjerne barn frå heimen, for eksempel ved plassering i beredskapsheim eller akuttinstitusjon. 

Alle tiltak barnevernvakta iverksett, er heimla i Lov om barneverntenester. 

  • Kven kan kontakte barnevernvakta: 

Politi/lensmannsetat, lege/legevakt, ambulanse og krisesenter kan kontakte barnevernvakta ved behov der dei treng bistand frå barneverntenesta. Telefonnummeret til barnevernvakta er berre tilgjengeleg for desse. Det vil si at ein som privatperson må  kontakte politi eller legevakt i akuttsituasjonar. Dei vil vurdere om barnevernvakta skal kontaktas. 

  • Kven betjener vakttelefonen: 

Det er Hallingdal barnevernteneste sine tilsette som er med i ei bakvaktsordning. Det er alltid to som har vakt, ein 1. bakvakt og ein 2. bakvakt. Telefon går alltid til 1. bakvakt. Dersom det er nødvendig å rykke ut, er ein alltid 2.

Fosterheim

http://www.fosterhjem.no/ vil du bl.a finne informasjon om:
- Korleis bli fosterheim
- Kva er ein fosterheim
- Kven er fosterbarna

Fosterhjemstjenesten i Buskerud
Tlf:.:  46 61 78 00 
Epost: fosterhjemstjenesten.buskerud@bufetat.no

Ressursteamet

Ressursteamet står for lett tilgjengeleg hjelp når du som forelder, lærar, venn etc. er bekymra for eit barn eller ein ungdom.
Ressursteam er eit adhoc-team som kjem saman når ein er bekymra for eit barn eller ungdom.

Du finn meir informasjon om ressursteamet her.

 

Vaksne for barn