Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Grunnskule

Skulane i Ål

I Ål kommune er det fire barneskular og ein ungdomsskule.

Leveld skule

Nedre-Ål skule

Torpo skule

Skattebøl skule

Ål ungdomsskule

Innskriving til grunnskulen 

Alle som skal begynnne ved grunnskulen skal skrivast inn. I Ål kommune vert det lagt til rette for elektronisk innskriving. Innskrivingsperioden er 15.-30. november kvart år. Elevar som flyttar til kommunen etter innskrivingsperioden skal også nytte skjemaet.  

Elevar i grunnskulen har, etter Lov om opplæring, rett til å gå på nærskulen. Med få unntak er dette skulen som i avstand ligg nærast heimen. Alle elevar skal difor skrivast inn ved nærskulen. Det er mogleg å søkje om skulebytte, men då skal det søkjast særskilt om dette i begrunna søknad til oppvekstkontoret innan 1. januar for påfylgjande skuleår.

Heimane vil få tilsendt informasjon om besøk på skulen for barna og foreldremøte etter at det elektroniske skjemaet er motteke.

Skjema for innskriving til grunnskulen

Skuleskyss

Etter opplæringslova har elevar på 1. årssteget rett på fri skuleskyss dersom skulevegen er over 2 km, og elevar på 2.-10. årssteg rett på fri skuleskyss ved skuleveg over 4 km.

Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

Rv 7, der det ikkje er gangveg, vert rekna som særleg farleg skuleveg, og gir rett til skuleskyss. Søknadsfrist 1. januar.

Ved flytting skal det meldast om endring av skyssbehov til skulen.

Her finn du retningsliner for skuleskyss i Ål kommune

Skuleruta

Sektorutval for kultur og oppvekst vedtek kvar haust skuleruta for komande skuleår. Skuleruta gjev oversikt over skuledagar, ferie- og fridagar i grunnskulen.

I Ål kommune startar barnehageåret samtidig med skuleåret.

Skuleruta 2016/2017

Skuleruta 2017/2018

Samarbeid med hjelpeinstansar

Tverrfagleg team er eit førebyggande initiativ som skal gripe inn raskt og ha ein rådgjevande og rettleiande funksjon. Føremålet med tverrfagleg team er tidleg innsats i høve barn/unge og familiane deira, og byggjer på ideen om at me saman får til nødvendig endring og utvikling. 

Tverrfagleg team er sett saman av kontaktpersonar frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta, helsestasjonen og psykisk helse. PPT, helsestasjonen og psykisk helse møter fast i tverrfaglege møter saman med representantar frå den einskilde barnehage og skule. Representanten frå barneverntenesta deltek ved innkalling. Andre instansar kan inviterast etter behov. 

Tverrfagleg møte skal vere eit lågterskeltilbod til barnehage, skule og føresette. Målet med møta er å gje fagleg støtte så tidleg som mogleg. Med fleire instansar til stades kan ein hjelpe raskare og gjere arbeidet meir effektivt. 

Føresette som ynskjer hjelp i tverrfagleg møte, kan ta kontakt med eigen barnehage eller skule. Dersom tilsette ynskjer å drøfte enkeltbarn, skal føresette få høve til å vere med på møtet eller gje samtykke til ope drøfting. Eit anna alternativ er anonym drøfting.

Informasjonshefte om hjelpeinstansar

 

 

Overgang barnehage - skule

Ål kommune har utarbeidd eigen overgangsplan mellom barnehage og skule.

Overgangsplanen skal sikre samanheng i læringsløpet til barn. Barna og deira føresette skal føle seg trygg på at alle blir møtt av ein barnehage og skule som kjenner dei og legg til rette for ein god start.

Overgangsplanen skal sikre:

  • Gode rutinar, lik praksis og systematisk samarbeid mellom einingane.
  • Ein meiningsfull samanheng i læringsløpet.
  • Tidleg innsats for barn med særskilte behov.
  • Ein trygg skulestart for barn som byrjar i 1.klasse og for dei føresette.

Det er utarbeidd eit eige informasjonshefte om overgangen barnehage-skule.

Du finn informasjonsheftet her 

Den kulturelle skulesekken

Sektorutval for kultur og oppvekst (SUKO) har vedteke plan for innhald i DKS-tilbodet i Ål i åra fram mot 2015.

Den kulturelle skulesekken i Ål kommune skal gje alle elevane:

  • God kunnskap om lokal kultur og lokale kulturtradisjonar
  • Lokalhistorisk innsikt
  • Opplevingar, kunnskap og refleksjon knytt til uttrykksformene film, teater, dans, musikk, litteratur, biletkunst, skulptur og arkitektur.

Du finn handlingsplanen for den kulturelle skulesekken 2015-2020

Planar, prosjekt og rapportar