Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Felles for oppvekstsektoren

Oppvekstkontor

Oppvekstkontoret heldt til på Tingstugu.

Planar, prosjekt og rapportar

Samarbeid med hjelpeinstansar

Tverrfagleg team er eit førebyggande initiativ som skal gripe inn raskt og ha ein rådgjevande og rettleiande funksjon. Føremålet med tverrfagleg team er tidleg innsats i høve barn/unge og familiane deira, og byggjer på ideen om at me saman får til nødvendig endring og utvikling. 

Tverrfagleg team er sett saman av kontaktpersonar frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta, helsestasjonen og psykisk helse. PPT, helsestasjonen og psykisk helse møter fast i tverrfaglege møter saman med representantar frå den einskilde barnehage og skule. Representanten frå barneverntenesta deltek ved innkalling. Andre instansar kan inviterast etter behov. 

Tverrfagleg møte skal vere eit lågterskeltilbod til barnehage, skule og føresette. Målet med møta er å gje fagleg støtte så tidleg som mogleg. Med fleire instansar til stades kan ein hjelpe raskare og gjere arbeidet meir effektivt. 

Føresette som ynskjer hjelp i tverrfagleg møte, kan ta kontakt med eigen barnehage eller skule. Dersom tilsette ynskjer å drøfte enkeltbarn, skal føresette få høve til å vere med på møtet eller gje samtykke til ope drøfting. Eit anna alternativ er anonym drøfting.

Informasjonshefte om hjelpeinstansar

 

 

Overgang barnehage-skule

Ål kommune har utarbeidd eigen overgangsplan mellom barnehage og skule.

Overgangsplanen skal sikre samanheng i læringsløpet til barn. Barna og deira føresette skal føle seg trygg på at alle blir møtt av ein barnehage og skule som kjenner dei og legg til rette for ein god start.

Overgangsplanen skal sikre:

  • Gode rutinar, lik praksis og systematisk samarbeid mellom einingane.
  • Ein meiningsfull samanheng i læringsløpet.
  • Tidleg innsats for barn med særskilte behov.
  • Ein trygg skulestart for barn som byrjar i 1.klasse og for dei føresette.

Det er utarbeidd eit eige informasjonshefte om overgangen barnehage-skule.

Du finn informasjonsheftet her 

Skuleruta

Sektorutval for kultur og oppvekst vedtek kvar haust skuleruta for komande skuleår. Skuleruta gjev oversikt over skuledagar, ferie- og fridagar i grunnskulen.

I Ål kommune startar barnehageåret samtidig med skuleåret.

Skuleruta 2017/2018

Legat

Skulelegat i Ål:

Utdanningsstipend - ADA Scholarship Foundation - Ål

ADA scholarship Foundation har som føremål å oppmode studentar frå Ål til å gjennomføre eit akademisk studium over eitt år i USA. Stipendet er på 10.000 US Dollar og vert delt ut ein gong årleg til ein søkjar.

Søkjar må fylle følgjande føresetnader:

  1. Vore busett i Ål kommune minst 10 år.
  2. Ha minst 3 år studie ved høgskule eller universitet bak seg, men ikkje i USA.
  3. Ikkje ha fylt meir enn 30 år i søknadsåret.

Søknadsfrist vert kunngjort på heimesida til kommunen i desember kvart år. Søknaden skal sendast Ål kommune, oppvekstkontoret, 3570 Ål, og skal innehalde godkjent stadfesting av:

  1. Fødselsnr.
  2. Bustad ved fødsel til d.d.
  3. Oversyn over all utdanning fram til d.d., samt plan for eitt-årig studium ved universitet eller høgskule i USA, evt med stadfesting av opptak.

Nærare opplysningar og fullstendige statuttar for stipend kan ein få på Servicetorget, Tingstugu.

Tildeling skjer i januar kvart år.

Ål skulelegat og Ragnhild Hagens legat

Ål skulelegat og Ragnhild Hagens legat kan dele ut midlar til søkjarar i vidaregåande utdanning som studerer og bur utanom Ål. Eiga likning for siste år må følgje søknaden, saman med oversyn over studiestad, studieemne/fag, normert studietid, når studiet er starta, studielån og andre stipendmottak i samband med gjeldande utdanning.

For tildeling av stipendmidlar gjeld følgjande overordna retningsliner:

  1. Føremålet med legata er primært å gje tilskot til reise- og opphaldsutgifter for ungdomar som tek vidaregåande utdanning innan fagområder som det ikkje vert gjeve tilbod om ved vidaregåande skular i Hallingdal.
  2. Dersom det ikkje er søkjarar inna denne kategorien, kan stipenda delast ut til studentar på høgskule og universitetsnivå.
  3. Søkjarar må ha fast bustadadresse i Ål.

Søknadsfrist vert kunngjort på heimesida til kommunen i desember kvart år. Søknaden skal sendast Ål kommune, oppvekstkontoret, 3570 Ål,

Nærare opplysningar og fullstendige statuttar for stipend kan ein få på Servicetorget, Tingstugu.

Tildeling skjer i januar kvart år.

Ungdom i Ål